Film

God gammal gangster

Steinandletet Jason Statham er tilbake hjå regissøren som skapte han.

Holt McCallany (t.v.) som Bullet, Jason Statham som H, Josh Hartnett som Boy Sweat Dave og Rocci Williams som Hollow Bob i den nye filmen til regissøren Guy Ritchie.
Holt McCallany (t.v.) som Bullet, Jason Statham som H, Josh Hartnett som Boy Sweat Dave og Rocci Williams som Hollow Bob i den nye filmen til regissøren Guy Ritchie.
Publisert

Løvebrølet til MGM og logoen til det gamle Weinstein-selskapet Miramax opnar Wrath of Man med ei kjensle av svunnen tid. I første scene er vi vitne med dårleg utsikt til eit ran av ein pengetransport der to vektarar døyr.

Snart tek H (Statham) arbeid hjå same selskapet. På prøvene når han så vidt nivået for å bli tilsett, men kollegaar mistenker at den kalde, lakoniske figuren har meir inne, spesielt etter at han taklar neste ran som reinaste skarpskyttaren.

Staut Statham

Filmen er delt opp i ulike delar der vi ser situasjonane frå ulike perspektiv og gradvis får klarleik i kva som har skjedd, og kven som er involvert. Kven er ransmennene? Kven er på innsida? Kor kjem vreiden frå? Spørsmåla er klassiske.

Første kapittel er mest morosamt. Machofaktene i garderoben er skrudd opp til elleve i ein parodi på filmar som denne. Sexistisk sleiv er essensielt. Tulling om moderne menn må òg med, men desse minimalt utdanna vektarane er heilt vanlege, skvetne folk som heller vil følgje retningslinene enn å leike helt. Kvardagslege detaljar står i kontrast til den klassiske gangsterfilmen og til fenomenet Statham.

Tittelen gjev svaret på kva som driv H. Nokon skal svi. Blod kjem til å flyte, men det er lite storslegen action og spektakulære slåstkampar. Stilen er tona ned. Andlet trumfar akrobatikk. Vi snakkar nesten meir Nokas av Erik Skjoldbjærg enn The Fast and the Furious.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement