Gløymd austlandsmålar henta fram

Narve Lid gjev ei faktabasert kart­legging av Jacob Gløersens omflakkande liv, med gode illustrasjonar.

Jakob Gløersen: «Snefokk», 28x37 cm, 1889.
Jakob Gløersen: «Snefokk», 28x37 cm, 1889.
Publisert

Nasjonalgalleriet er no stengt, og det vert tømt for kunst. Men framleis skal huset tilhøyra Nasjonalmuseet og brukast til kunst, men ingen veit på kva vis. Men eg veit kva eg og mange andre, særleg turistar, ville likt: At det vert brukt som utstillingsstad for norsk biletkunst frå før og litt etter den perioden som vert kalla gullalderen (1880–1900), den kunsten det vart bygt for å husa.

Når eg vitjar hovudstader, er det eg vil sjå i nasjonalgalleria nettopp korleis den nasjonale kunsten har spegla og prega land og folk opp gjennom historia. Difor er ønsket mitt dødfødt: Då ville den gamle bygningen utkonkurrert det nye parkeringshusliknande Nasjonalmuseet på Vestbanen.

Naturalisme

Ein målar som ville fått plass saman med gullaldermålarane, er Jacob Gløersen (1852–1912). Han er i dag ikkje like kjend som andre frå den tida med liknande stil og program: Harriet Backer, Kitty Kielland, Eilif Petersen, Christian Skredsvig, Theodor Kittelsen, Gerhard Munthe og Nils Bergslien. Desse dyrka nasjonal naturalisme i meir eller mindre opposisjon til dei tidlegare nasjonalromantiske Düsseldorf-målarane, som reiste kring i landet og laga skisser av romantiske utsyn, som dei så måla ferdig i ateliera sine, gjerne med ein karakteristisk brunfarge.

Norsk naturalisme i målarkunsten, på si side, skal visa vanlege menneske, helst bønder, i vanlege (arbeids)situasjonar, anten utanfor garden og i vanlege landskap, eller inne, gjerne på vanlege kjøken. Og for å få gjort dette truverdig skal bileta fullførast der og då.

Kitty Kielland, til dømes, var den første kvinna som sat ute og måla Jæren-landskapet. Gløersen, som fekk tradisjonell innandørsutdanning i München, skjøna like snøgt at det var utandørsmålar han skulle vera.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement