Musikk

Gjer det sjølv-boksen

Bob Dylan kunne ha laga eit av sine aller beste album på 1980-talet, men gjorde det ikkje.

Bob Dylan var på turné i Europa tidleg i 1980-åra.
Bob Dylan var på turné i Europa tidleg i 1980-åra.
Publisert

Har Dylan laga ein betre låt enn «Blind Willie McTell»»? Med ein melodi laust bygd over jazzstandarden «St. James Infirmary Blues» reflekterer den stemningsfulle elegien over sørstatshistoria, slaveriet og bluesen, og er overveldande rik på inntrykk, med eit og anna ekko fråBlind Willie McTells (1898–1959) «The Dyin’ Crapshooter’s Blues».

Innspelinga vart gjord våren 1983, med Mark Knopfler i studio, men då Infidels kom ut den hausten, var ikkje «Blind Willie McTell» med. Først i 1991, då Dylan med første utgåve av Bootleg Series gjekk i gang med å gi ut songar som han ikkje hadde funne plass til på platene sine, var låten å finne på ei offisiell utgiving frå Columbia Records, etter at å ha sirkulert lenge nok på piratplater til å gi han eit rykte mellom Dylan-lyttarane.

Paradoks

No er endå eit opptak ute, på den sekstande utgåva av bootleg-serien, boksen Springtime in New York (1980–1985), som samlar songar som ikkje fekk plass på Shot of Love (1981), Infidels og Empire Burlesque (1985). Utgivinga stadfestar paradokset fleire har peikt på i årevis, nemleg at Dylan kunne ha laga eit av sine aller beste album i perioden om han berre hadde valt ut andre songar enn dei han enda med på dei tre platene han gav ut.

Mellom Dylan-nerdar som meg har det å setje saman ei optimal utgåve av Infidels vore ein sær selskapsleik i årevis. Forfattarar som Paul Williams og Clinton Heylin skreiv side opp og side ned om dette på 1990-talet, og Jonathan Lethem har ein engasjert diskusjon i The Cambridge Companion to Bob Dylan (2009).

Tidleg på 1990-talet måtte ein jobbe litt med å få tak i det ein trong for å kunne nerde seg heilt til botnar i denne materien, og skaffe seg piratopptak herfrå og derfrå. I internettets tid har denne smale aktiviteten vorte ganske så demokratisert, idet Dylans folk støvsugar arkivet og gir ut boks etter boks, og spelelistene florerer. Med det har også lyttinga vorte mindre eksklusiv, og det sjeldne materialet, som no er breitt tilgjengeleg, er mindre myteomspunne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement