Musikk

Gjennom kyrkjeåret

Bachs «vesle orgelbok» er stor.

Christian Müller-orgelet frå 1730-åra i St. Bavo-kyrkja i Harlem.
Christian Müller-orgelet frå 1730-åra i St. Bavo-kyrkja i Harlem.
Publisert

Orgelbüchlein – diminutiven tyder «den vesle orgelboka» og høver kanskje på det fysiske formatet til notane, men definitivt ikkje på det kunstnarlege innhaldet. På sitt nye dobbeltalbum framfører domorganisten i Oslo Domkyrkje, Kåre Nordstoga, Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Orgelbüchlein på den andre CD-en. Den fyrste CD-en, derimot, inneheld fem preludium (eller fantasiar) og fugar, i tillegg til passacagliaen i c-moll, som er eit av orgellitteraturens viktigaste verk. Instrumentet Nordstoga nyttar, er mellom dei mektigaste som er bevarte frå barokken: Christian Müller-orgelet i den gotiske St. Bavo-kyrkja i nederlandske Haarlem, som stod ferdig i 1738 og har heile 62 register, fordelte på tre manual og pedal.

Monumentalverka

Dei store stykka høyrer me på den fyrste CD-en, og Passacaglia og fuge i c-moll, BWV 582, er med sine 15 minutt det suverent lengste verket. Ein passacaglia er eit variasjonsverk der eit musikalsk tema blir systematisk gjenteke og variert utover i satsen.

Bach har lagt det åtte taktar lange temaet i pedalen, med ei tonerekkje som òg dannar utgangspunkt for fugetemaet. Nordstogas tolking er meir prega av ro og ettertanke enn av monumentalitet, og eg likar varieringa av uttrykket undervegs.

Derimot tykkjer eg yndlingssatsen min på denne CD-en, preludiet i G-dur frå BWV 541, manglar den fan­fareaktige snerten andre gode organistar får til. Den musikalske retorikken Bach her briljerer med kompositorisk, blir ikkje heilt overtydande utført.

Koralane

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement