Bok
Gjekk aldri stilt
Den eldre Håkon Bleken mista aldri gløden. Men artiklane i Adresseavisen bleiknar i bokform.
Biletkunstnaren Håkon Bleken skreiv ei fast spalte i Adresseavisen som artiklane i boka er henta frå.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Da Håkon Bleken døydde 96 år gammal i fjor, var det ein stor målar Trondheim tok avskjed med. Han var heile livet ein skrivande, ivrig som debattant i heimbyen, der han av motstandarar vart oppfatta som arrogant og kjepphøg.
Han skreiv aforismar, ikkje utan hell. Renommeet hans vaks mens han arbeidde inntil døden kom. Da var samtidige kollegaer borte. I Signert, med tekstar han sjølv ønskte skulle bli gitt ut etter at han var død, blir vi serverte artiklar, mest frå Adresseavisen i åra 2015–2018, da han skreiv ei fast spalte der.
Hyllingar og dommar
Det er ein av dei eldste mellom oss som skriv. Bleken var på veg mot 90 da tekstane vart til. Mest dreier dei seg om kunsten og kunstnaren. Her får vi namn på dei store han likar, kjente menn og nokre kvinner. Francis Bacon og Thomas Mann går att, men her er namneslepp over ein låg sko.
Signert inneheld mykje å legge seg på minnet, enkeltsetningar, som her: «Den som ikke kjenner slektskapet mellom kunst og demoni, kan ikke kalles kunstner.» Eller: «Underbevisstheten arbeider ustoppelig, bare døden visker den ut.» I det korte og knappe er Bleken god.
Vi får òg gjenfortalt litt frå førre tiåret, da han hevda Trondheim var underlagt ein totalitær Arbeidarparti-dominans, under den da lengst sittande ordføraren i Noreg, Rita Ottervik. Han måla til slutt Ottervik. Det er eit nidportrett som finst i boka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.