Geir Brungot, Stein Koksvik og Olav Ringdal:
Tilbud, anslag, en suksesshistorie
Kristiansand Kunsthall
6. april–26. mai
Ei leikande, myldrande utstilling der installasjon, kunstfotografi, teikning og animasjon vert sett i lys av måleritradisjonen.
Violet Dennison: Tell Me How To Feel
Kunsthall Stavanger
13. april–2. juni
Amerikanske Violet Dennison synleggjer kor sårbare menneska er i møte med datasystem. I aukande grad vert kvardagen styrt av løynde algoritmar i digitale system. Ho har avdekt og konkretisert den usynlege informasjonen i noko som kan liknast med digitale sjølvportrett. Her er også handfaste gjenstandar utførte i knyteteknikken makramé, eit sjølvportrett gjennom tidkrevjande kunstnarleg handverk.
Van Gogh Alive
Hadeland Glassverk
11. mai–18. august
I den rikhaldige van Gogh-utstillinga vert meir enn 3000 bilete projiserte på veggar, tak og golv. Utan høve til å sjå eitt einaste originalverk misser ein opplevinga av det stofflege, som er noko av det mest interessante ved måleria til den nederlandske kunstnaren. Til gjengjeld kjem ein nær innpå detaljar i måleri og teikningar. Ein får også høve til å sjå bilete og filmar av inspirasjonskjeldene til kunstnaren. Fleire av veggane er interaktive, såleis kan publikum styre delar av opplevingane.
Bernt Tunold:
Ein eld som aldri slokna
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde
27. april–18. august
Landskapsmålaren Bernt Tunold (1877–1946) skildra det vestlandske gråvêret i saftige fargar. I dei detaljrike interiørbileta og stillebena gir kunstnaren innsyn i regionalt levesett, kultur og skikkar.
Lee Miller: War and Fashion
Preuss Museum, Horten
7. april–8. september
Amerikanske Lee Miller er mest kjend som den vene modellen for surrealistiske kunstnarar, og som krigskorrespondenten som dokumenterte så vel konsentrasjonsleirane til nazistane som frigjeringa av Paris i 1944.
I tillegg til krigsfotografia får vi innblikk i ein omfattande produksjon av motefotografi. Også her var Miller ein pioner med eit djervt blikk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.