Fugleliv og daude
Boka til Martin Eggen er ein augeopnar som tilfører lesarane ny og høgst aktuell kunnskap.
Martin Eggen bur i Lofoten og er naturvernrådgivar i BirdLife Noreg.
Foto: Jon Olav Larsen
Faglitteratur
Martin Eggen:
Uten fugler blir ikke livet det samme
Kagge forlag
I midten av mai er tårnsiglarane tilbake i Noreg etter å ha floge mange tusen kilometer frå overvintringsplassane i det sørlege Afrika. Dei oppheld seg i lufta i opptil ti månader i strekk, det er berre i hekketida dei har kontakt med fast grunn. Ein tårnsiglar kan fange 10.000 insekt i døgeret, noko som svarar til eitt insekt per 6,8 sekund.
Slike forbløffande fakta er det mange av i Martin Eggens bok Uten fugler blir ikke livet det samme. Eggen er rådgjevar i fuglevernorganisasjonen BirdLife Noreg og har lang røynsle frå arbeid med miljøspørsmål. I boka skildrar Eggen fugleverda i all sin nyanserikdom, samstundes som han tydeleg får fram kor sårbar ho er.
På raudlista
40 prosent av fugleartane i Noreg står på Artsdatabankens raudliste over artar som står i fare for å forsvinne, mange av dei kjende og kjære songfuglar. Menneskelege inngrep, mellom anna moderne jordbruk og utbygging av infrastruktur, skaper biologiske ørkenar der det før var naturleg mangfald.
Blant dei mange andre årsakene til nedgang i fuglebestandane nemner Eggen virussjukdom. Det blir påvist fugleinfluensa hos stadig fleire villfuglarter i Noreg. Finnmark har hatt utbrot sidan byrjinga av juni og det er bekymring for korleis smitta kan spreie seg når mange fuglar trekkjer sørover til hausten.
Men det skjer også positive ting. Ein internasjonal avtale om at 30 prosent av naturen på land og til havs skal bli verna innan 2030, er underteikna av mange nasjonar, blant dei Noreg. Eggen har likevel låg tillit til at forvaltarar og politikarar har kunnskap og vilje til å gjennomføre tiltak i eit tempo som gjer miljømåla oppnåelege.
Han har eit meir optimistisk syn på korleis kvar og ein av oss kan auke kunnskapen og bidra til å betre levekåra for fuglane. Blant dei ti råda han gir, er å dyrke gleda i aktiv fuglekiking, hengje opp fuglekasser og drive med fôring, men også å skrive lesarinnlegg og påverke i lokalpolitikken. Kampen i lokalsamfunnet har stor betydning i gjennomføring av nasjonale og verdsfemnande vernetiltak.
Viktig og velskriven
Boka til Martin Eggen er ein augeopnar som tilfører lesarane ny og høgst aktuell kunnskap om fuglar. Eggen er ein meisterleg faktaformidlar som klarar å gjere fagleg kompleks tematikk forståeleg og få oss til å sjå alvoret i situasjonen enda betre. Uten fugler er ikke verden den samme er ei nyansert, tankevekkjande og velskriven bok om ei viktig sak.
Per Roger Sandvik
Per Roger Sandvik er bibliotekar og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.