Musikk

Frostig einsemd

Barytonen Jonas Müller debuterer med gitarduo i Schuberts Winterreise.

«Vinterlandskap» (1811) måla av romantikaren Caspar David Friedrich (1774–1840).
Publisert

SSI den veldige diskografien til Franz Schuberts Winterreise, D 911, er den nye innspelinga til den tyske barytonen Jonas Müller og den italienske Tomasi Musso Guitar Duo eit kjærkome tilskot. Flygelet er nemleg bytt ut med to gitarar, noko som gjer grunnklangen i akkompagnementet lettare og meir priklande. Stundom minner det meir om lyden av den typen hammarklaver Schubert sjølv hadde til rådvelde, som har ein kortare og meir sylvaktig klang og dessutan mindre dynamisk spennvidde.

Gitarane fungerer som oftast godt, særleg i dei rolege songane med enkelt akkordakkompagnement, som i «Gute Nacht» (spor 1). I andre satsar klarer eg ikkje å la vera å sakna den metta flygelklangen, som også gjev større dynamisk spelerom når det gjeld aksentuering av viktige ord og vendingar i poesien.

Gitarbruken krev også ei anna innstilling hjå songaren, som (jamfør albumteksten) «må henta innanfrå det som klaveret ville ha drive ut or han». Barytonen Müller lukkast langt på veg med dette.

Utanforskap

Schubert publiserte songsyklusen Winterreise etter dikt av Wilhelm Müller (1794–1827) året før han døydde i 1828. Dei 24 songane tek oss med på ei ytre og indre reise gjennom eit frostig natur- og kjenslelandskap. Me får ikkje vita mykje om den reisande, berre at han er avvist av kjærasten – «jenta tala om kjærleik, mora jamvel om giftarmål», syng han i fyrste songen – og at han gjev opp sivilisasjonen for å leggja ut på ei mållaus reise gjennom eit landleg vinterlandskap. For å dyrka einsemda unngår han ruta til andre vandrarar, heilt til han i den siste songen treffer «lirekassemannen».

Ignorert av alle

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement