Musikk

Frå Noreg til Minnesota og attende

Trond Kallevåg har atter ein gong laga musikk som er lett å lika og samstundes har høg kvalitet.

Trond Kallevåg (t.h.) har med seg Gard Nilssen, Mats Eilertsen og Tuva Halse.
Publisert Sist oppdatert

Meldinga eg skreiv av den førre plata til Trond Kallevåg, Amerikabåten, vart avslutta med desse orda: «Det er berre å gle seg til Kallevågs neste temareise!» Og Kallevåg innfrir så det held.

Medan det var havet og reisa som var temaet på den førre plata, har inspirasjonen flytta seg til Minnesota – midt i det amerikanske innlandet – der rundt 900.000 personar framleis reknar seg som norsk-amerikanarar.

Ordlaus musikk

Musikken er studioversjonen av noko som først var eit tingingsverk frå Sildajazz (i Haugesund) i 2022. Kallevåg skriv, på plateomslaget, at musikken er inspirert av gamle cowboyviser, forteljingar og annan nordamerikansk folkekultur. Men dette er ein ordlaus musikk komponert av Kallevåg som ein kan lyda til med stort utbytte utan å vita noko om bakgrunnen.

Dei einskilde musikalske elementa er temmeleg konvensjonelle, med tydelege melodiar og tradisjonell harmonikk, og alt er stramt arrangert utan individuelle krumspring. Det er dessutan ei melankolsk grunnstemning over musikken der gitarane til Trond Kallevåg og fiolinen til Tuva Halse fint fordeler det melodiske materialet mellom seg, medan to av vår fremste jazzmusikarar – bassist Mats Eilertsen og slagverkar Gard Nilssen – utgjer eit mjukt og diskret komp, noko som kan merkast ved at sistnemnde ofte nyttar vispar, jamvel i dei meir rytmisk aktive partia. Det finst ikkje overflødige detaljar i lydbiletet. Alt er velplassert og balanserer godt.

Nytt og friskt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement