Fotografen som elska vegarGjennom 35 år fotograferte Knud Knudsen vegar og landskap som endra seg med vegutbygginga.
Gjennom 35 år fotograferte Knud Knudsen vegar og landskap som endra seg med vegutbygginga.
I Cora Sandels novelle «Barnet som elsket veier», elskar hovudpersonen særleg «smale, gamle veier med mange svinger og uten videre trafikk.» Det var ikkje slike vegar den kjende fotografen Knud Knudsen var fascinert av. Han var ein mann av si tid, då nye vegar og ingeniørkunst representerte framsteg og modernitet. Han var ein pioner, men ikkje den einaste som laga foto av vegskjeringar, fjellovergangar og elegante svingar. Andre fotograferte kaier og moloar.
Vegane var ikkje det einaste han tok bilde av, men i denne boka er det dei det handlar om. Boka er gjennomillustrert med store, gode foto. Forfattaren Torild Gjesvik går tettare på fotografia enn på fotografen. I innleiinga og avslutninga av boka får vi likevel eit biografisk riss av ein interessant person som veksla mellom korgfletting og fruktdyrking heime i Hardanger og fotografverksemda i Bergen, men først og fremst handlar boka om fotograferinga på reisene hans i perioden 1864–1899.
Turistvegar
Dei nye moderne vegane var ikkje berre viktige og nødvendige for handel og næring, dei var også ein del av den veksande turismen. Vegane gav tilgang til landskapet og verka inn på korleis naturen blei opplevd. Det «ville» norske landskapet blei i aukande grad sett pris på etter at «det sublime» med skrekkblanda fryd kom på moten. Det gav også ein marknad for fotografia. Forfattaren viser oss korleis Knudsen følgjer dei nye reisehandbøkene på fotoferdene sine. Vegen var både eit motiv i seg sjølv og ein ståstad for andre motiv, samtidig som samspelet mellom natur og veg var sentralt. Vi kan kjenne noko av tankegangen igjen i dag frå vegvesenprosjektet Nasjonale turistvegar.
Knudsen veksla mellom å legge seg tett opp mot tidlegare biletskjema og å prøve ut nye motiv og komposisjonar. Han interesserte seg for estetikken i vegutbygginga, men også for spor etter menneske langs vegen, som hesjer og gjerde. Gjennom dei 35 åra han var aktiv, fotograferte han dei same vegane på ulikt vis. Utvalet av fotografi gjer at vi forstår og følgjer fascinasjonen til både fotografen og forfattaren. Vi blir tatt med nedover svimlande sikksakkvegar i bratte fjellsider, gjennom skjeringar som er som svære steinkjeftar, forbi glisne tannrekker av stabbesteiner der vi kan sjå strukturane i berg og stein, grus og vegetasjon på nært hald.
Nye perspektiv
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.