Film

Forfriskande forferdeleg

Det er greitt å bli mint på kva skikkeleg dårleg film er.

Robert de Niro spelar bestefar til Peter, som vert spelt av Oakes Fegley.
Robert de Niro spelar bestefar til Peter, som vert spelt av Oakes Fegley.
Publisert

Ed (De Niro) hamnar i trøbbel etter å ha tapt kampen mot ein betalingsautomat. Dottera Sally (Thurman) gjev han eit tilbod han ikkje kan seia nei til, og han flyttar inn hjå familien hennar. For å få plass blir barnebarnet Peter (Fegley) forvist til loftet, som om han ikkje hadde nok med å vere fersking på ungdomsskulen. Snart byrjar ein løynd krig mellom Ed og Peter.

Låg list

Opningsplansjane til familiekomedien tyder på film frå lågaste hylle. Kan røynde Robert De Niro ro det i land? Nei. Det er så eg saknar den skuffande The Irishman. Eg rekk å tenke at De Niro tar kvalitetsmessige kvileskjer, slik Christopher Walken pla gjere med B-filmar rett på video. Så dukkar Walken opp! Eit rart metahøgdepunkt. Verre er det med Uma Thurman. Som kvinne på femti er ho forvist til ei rolle som broderande, tyrannisk mor. Det må ha kravt stenge instruksar frå regissør Tim Hill å kue talentet.

Riv

Skodespelet er generelt grotesk, med barnestjerna Oakes Fegley som største syndar. Musikken er grufullt generisk. Slapsticken er høgfrekvent og av låg kvalitet. Eit sentralt tema er ny teknologi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement