For fantastiske for litteraturen

Frode Grytten og Marit Eikemo fortalde om korleis dei finn fram til karakterane i bøkene sine, og om problemet med å nytta ekte personar frå Odda skjønnlitterært.

Marit Eikemo var årets festspeldiktar.
Marit Eikemo var årets festspeldiktar.

Samtale

Frode Grytten og Marit Eikemo:

Karakterbygging

Utstillinga i Aasen-tunet, laurdag 9. juli

Korleis går ein forfattar fram nå han skal konstruera personlegdomar i verka sine? På dette spørsmålet finst det vel like mange svar som det finst forfattarar, men denne ettermiddagen på Aasen-tunet fekk me i alle høve ein idé om korleis to av dei plar gjera det. Festspeldiktar Marit Eikemo arbeider intuitivt, men understreka at personlegdomane ikkje kjem lett til henne av den grunn. Prosessen plar vera temmeleg kaotisk, og «det er ikkje noko kjekt å halda på med», meinte ho.

Fiktive CV-ar

Annleis er det for Frode Grytten, som er sur på forfattarkollegaar som til dømes seier at «ho bare kom til meg» (han sa det på nordnorsk). Slikt gjer han avundsjuk, for sjølv lyt han arbeida strengt skjematisk: Han lagar fiktive CV-ar på personane sine, organiserte i faktiske mapper.

For framtidas litteraturhistorikarar ville jo slike mapper vore eit funn. Men dei vil aldri koma til å finna mappene. For den dagen boka er ferdig, kvittar Grytten seg med CV-ane. «Eg vil ikkje at dei skal finnast, berre eg skal vita det som står der.»

Ekte oddingar

Korleis er det så når ein baserer karakterane tett opp til ekte menneske? På dette punktet endra det som til då hadde vore ein interessant og sindig forfattarsamtalane seg til noko av det mest morosame under heile festspela. Både Grytten og Eikemo er frå Odda, og problemet der er at modellane stundom er for fantastiske til at dei kan nyttast skjønnlitterært. «I journalistikken kan ein skriva om utrulege, reelle personar og hendingar, for der kan dei verifiserast. Men tek du dei inn i ein roman eller ei novelle, blir dei lite truverdige», meinte Grytten. Han kom med fleire problematiske døme frå heimkommunen – som historia om dei to fjernsynstjuvane som flykta frå politiet oppetter lia i mørkret, men uheldigvis nett hadde vore hjå frisøren og fått seg sjølvlysande frisyre.

Det er rart med Grytten. Ser du han på gata, verkar han som den suraste mannen i verda. Men gjev du han ein mikrofon og lèt han tala seg varm, blir han den vittigaste.