Mykje tyder på at vi er på veg mot den sjette store masseutryddinga av artar på jorda. Tidlegare denne månaden la naturpanelet til FN fram ein nedslåande rapport der dei konkluderte med at nærare éin million artar vil forsvinne.
Bakteppet er dystert, men Dyras beste sjekketriks fortel om den ukuelege og utrulege evna artane har til å formeire seg utan å skjele til den varsla katastrofen. Formidlinga er energisk og humoristisk. Malin Hellebø samanliknar flørtinga og kurtisen i dyrelivet med våre eigne måtar å nærme oss kvarandre på: Dyra dansar, kysser og gjev kvarandre gåver.
Både amfibium, fuglar, insekt og landdyr er med i utvalet. Kvar art vert presentert gjennom ein artikkel med ingress, avsnitt med mellomtitlar og utheva poeng på farga bakgrunn. Utfordringa er at tekstdelane er for like og til dels litt for lange. Det grafiske oppsettet gjev lite hjelp til ein fersk lesar, men illustrasjonane vil gje motivasjon til å lese vidare.
Camilla Kuhn har ein festleg strek som peikar tilbake på teksten. Av og til brukar ho også tekstlege element, som når den uimotståelege kameleonen sjekkar damer med stor sjølvtillit og har tatovert «I’m sexy and I know it» over heile den fargerike kroppen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.