Film

Fint og fantasilaust

Roger Michell har støypt ein solid kopi av den danske Stille hjerte for USA.

Familien er samla ei siste helg.
Familien er samla ei siste helg.
Publisert

Det skrantar på fantasien der borte i USA. Kvar suksess frå andre land skal få sin kopi, så kinopublikummet skal sleppe å tenke at det finst andre land som lagar film på andre språk. Då slepp ein å skrive nye manus òg! No har Notting Hill-regissøren Roger Michell laga ein variant av populære Stille hjerte, eit rørande drama av danske Bille August frå 2015. Blackbird handlar om Lily (Sarandon) som skal ha ei siste helg med familien. Ho skal få hjelp til å døy før ALS-sjukdomen lammar ho heilt.

Sjukt

Når eg les mi eiga melding frå 2015 av Stille hjerte, slår det meg at det meste passar på Blackbird. Båe er heilstøypte drama om familieforhold meir enn om sjukdom og dødshjelp. Regissør Roger Michell brukar som August teskeia flittig i starten for å etablere klare figurar.

Den eldste dottera (Winslet) er særs skikkeleg og har med ein uhyre normal mann og ein flink son. Yngstedottera er trøblete, kanskje psykisk sjuk, og har med dama si som ei overrasking. Det lesbiske forholdet er ein ny tvist som saman med kommentarar om vegansk kalkunmiddag og studentar som vil kansellere Odysseen, skal gje ei tidsriktig ramme for publikum på andre sida av Atlanteren.

System

Flotte tablå frå Sussex i Sør-England skal førestilla Hamptons i USA. Det er like fint som Fyn. Det stilige huset teikna av ein fjong arkitekt er fylt av kunst og bøker som gjev inntrykk av ein solid dose kulturell og økonomisk kapital. Alt er stødig og velsmurt, frå foto via klipp til musikk. Ingenting irriterer. Rollelista er rå. Susan Sarandon er heilt super. Sam Neill, Kate Winslet, Mia Wasikowska og Lindsay Duncan er alle topp. Det plagar meg at ikkje desse ressursane kan bli brukte til å skapa noko nytt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement