Teater

Filosofjols til fjells

Bandet mellom natur og tanke vert handsama i artig teaterleik.

Frode Winther lagar det beste portrettet av Arne Næss, meiner Bent Kvalvik.
Frode Winther lagar det beste portrettet av Arne Næss, meiner Bent Kvalvik.
Publisert

I utgangspunktet skulle ein ikkje tru at ein filosof og dei særskilde ideane hans kunne vere noko opplagt dramatisk grunnmateriale. Rett nok har vi sett Toralv Maurstad gjere Sokrates’ forsvarstale som monodrama, med god effekt, men ei einmannsframsyning er da heller ikkje heilt ut eit skodespel. Det er derimot Ludvig Uhlbors’ pussige filosofistykke, som i førre veka hadde uoffisiell premiere for oss meldarar og nokre få andre inviterte.

Fem kloningar

Eit klassisk drama à la Ibsen er dette sjølvsagt ikkje. Her er ikkje noka klår lineær handling, og skodespelarane speler heller ikkje ein person kvar.

I ein scenografi som inneheld ein stor bakskjerm og tre gardintrapper (les fjelltoppar og fjellsider), kjem dei inn som fem Arne Næss-kloningar, Øyvin Berven, Frode Winther, Andreas Kvisgaard, Ellen Birgitte Winther og Hilde Olausson, likt kostymerte og med fakter, mimikk og replikk modellert etter originalen. Etter kvart går dei skiftevis ut av Næss-rolla, men ein av dei er likevel alltid han.

Leiken grunntone

Ein skal nok halde tunga rett i munnen for heile tida få med seg kvar han er, og trass i alt er det no Frode Winther som gjer den beste portretteringa. Men undervegs får vi faktisk ei både rørande, morosam og tankevekkjande reise på kryss og tvers gjennom Arne Næss’ liv og funderingane hans.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement