JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Vakkert og vaklande

Eg får ikkje heilt fot på Joachim Triers fascinerande paranormale drama.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eili Harboe har skapt ein truverdig heimføding som er open for nye inntrykk og idear i Joachim Triers nye film.

3102
20170915
3102
20170915

THRILLER/DRAMA/FANTASI

REGI: JOACHIM TRIER

Thelma

Med: Eili Harboe, Kaya Wilkins, Henrik Rafaelson

Kamera svevar stødig over Blindern med studentar yrande på asfalten, og fangar til slutt inn ei ung jente med sekk på ryggen. Biletet har noko tidlaust over seg, sjølv om både klede, sveis og tilbehøyr alt stadfestar at me er plasserte i notida. Thelma (Harboe) sitt fyrste møte med dei store auditoria, førelesingar og medelevar er gjenkjenneleg. Her er om å gjera og finna seg til rette, særleg sosialt. Utan særleg mykje relevant erfaring får Thelma likevel innpass. Og heile karakteren hennar er rett likandes. Harboe har skapt ein truverdig heimføding som er open for nye inntrykk og idear som står i skvis mellom sitt gamle, prektige eg og denne nye, unge dama som brått kjenner på lyster ho har fått innprenta er syndige.

ECCE HOMO

Men fy og fy, homofili og personleg kristendom, det må gå gale. Og det gjer det. Studentlivet lokkar unge Thelma ut på den breie vegen etter å ha gått den smale sti med foreldra tett inntil seg heile oppveksten. Den kristne bakgrunnen kræsjar med nye impulsar i storbyen, og særleg kjenslene Anja (Wilkins) vekkjer i henne. Desse kjenslene resulterer i epileptisk-liknande anfall som viser seg å ha ei langt mørkare forklaring, ei som ligg tilbake i barndommen og som stadig forfølgjer henne. Er Thelma besett av demonar? Eller kor kjem vondskapen eigentleg frå?

DETALJISTEN

Filmen vekslar mellom å vera veldig jordnær og realistisk og fullstendig svevande og overnaturleg. Den sitrande musikken (av fast Trier-komponist Ola Fløttum) skapar ei krypande stemning som til tider får meg til å tenka på Twin Peaks-serien frå nittitalet. Og på same måte som eg likte Twin Peaks sitt paranormale univers, finn du ein del av det same i Thelma. Og så er filmen så vakker å sjå på. Akkurat som med mange av regissør Triers filmar, særleg dei siste påkosta, som Louder than bombs (2015) og Oslo, 31. august (2011), er han nydeleg filma og etterproduserte med elegant klipping og gjennomtenkte rekvisittar. I det heile har Trier eit auga for detaljar som er til å ta av seg hatten for. Ellen Dorrit Petersen i rolla som mor til Thelma gjer til og med eit dels vellukka forsøk på å snakka rogalandsdialekt som dottera si.

Usikker

Kjem Thelma til å vinna ein Oscar, no som han er Noreg sitt bidrag? Eg trur ikkje det. Ikkje at kvalitet er noko kriterium for den oppskrytte, men superviktige prisen, men eg synest Thelma manglar eit eller anna. Han verkar uforløyst. Det er klart at når utomjordiske ting skjer, lyt ein kjøpa konseptet, elles fungerer det ikkje. Men eg får liksom aldri heilt styr på om det eigentleg er eit psykologisk drama eller om det faktisk er Gud som opererer gjennom Thelma. Dette innuendoet kunne vore styrken til filmen, men for meg blir det berre uklart. Kan summen av mange gode ting trumfa eitt grunnleggande irritasjonsmoment? I dette tilfellet svarar eg nølande ja.

BRIT AKSNES

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis