JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Tru, hat og kj ærleik

Ut av intet er ein tilgjengeleg film om eit vanskeleg tema. Det skjer ikkje for ofte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Katja (Diane Krüger) fortvilar når reisebyrået som mannen driv, er sprengt i eit terroråtak.

Foto: Gordon Timpen / Arthaus

2593
20180216
2593
20180216

Drama / Thriller

Regi: Fatih Akin

Ut av intet (orig. tittel: Aus dem Nichts)

Med: Diane Krüger, Denis Moschitto, Numan Acar, Samia Muriel Chancrin

Det er ein vanleg ettermiddag i Hamburg. Katja (Krüger) leverer son sin til pappa Nuri (Acar) før ho treffer den høggravide systera Birgit (Chancrin). Då ho kjem tilbake for å henta familien, møter ho politisperringar, og ho innser at reisebyrået mannen driv, er sprengt i lufta. To nynazistar står bak attentatet, og i rettssaka som fylgjer, får me eit sørgjeleg, fortvilande innblikk i kor vanskeleg juss står seg mot rettferd.

Heilskap

Tysk-tyrkiske Fatih Akin er ikkje redd for å påpeika rasisme i filmane sine, noko som med bakgrunnen hans både er naturleg og samstundes ekstra dristig. Regissøren er kanskje mest kjent for Mot veggen (2004) og Soul Kitchen (2009). Med Ut av intet dreg han inn høgreekstremisme i si aller verste form. Her finst ingen formildande omstende for det blonde kjærasteparet som sit med steinansikt overfor den nyslegne, nedslegne enka i rettsalen, ikkje i korleis me som sjåarar skal oppfatta dei. Og advokaten deira er så erkeslem at det nesten blir dumt. Akin framstiller ikkje Katja og mannen som englar, men han hadde nok vunne på å nyansera dei to nazistane og advokaten. Samtidig kjennest det litt godt å sleppa laus hatet overfor desse strøymingane som me diverre ikkje kan oversjå. Hovudoppgåva til filmen er å visa meiningsløysa bak noko slikt – og kva ein gjer dersom ein vel å gjengjelda hatet.

Høgspenning

Ikkje på noko tidspunkt er me usikre på om dei skuldige faktisk er dei skuldige. Thrilleren ligg i jussen, og det kan vera nervepirrande nok. På det meir mellommenneskelege, og her er Akin alltid god, oppstår det spenningar både mellom Katja og familien og mellom Katja og advokaten, Danilo (Moschitto). Handlinga og stemninga er fortetta, det finst ingen daudpunkt. Kva gjer ein i eit så skrekkeleg scenario som dette? Diane Krüger er knallgod som forbanna og knust av sorg. Eg skulle gjerne visst kva ho synest om rollefiguren sin, og eg tryglar om at eg aldri må finna meg i same situasjon som Katja. Om ikkje Ut av intet er noko lett søndagsfilm, er det heller ikkje ein av desse intenst deprimerande filmane der alt verkar håplaust. Å kalla det god underhaldning kjenner eg skurrar, men det er i grunnen det det er. Av den tankevekkjande sorten.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Diane Krüger er knallgod som forbanna og knust av sorg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis