JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Terror minutt for minutt

BERLIN: Utøya 22. juli er eit knyttneveslag av ein film.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Andrea Berntzen spelar fenomenalt godt.

Andrea Berntzen spelar fenomenalt godt.

Foto/Copyright: Agnete Brun / Nordisk Film Distribusjon

2907
20180223
2907
20180223

Drama

Regi: Erik Poppe

Utøya 22. juli

Med: Andrea Berntzen

Mange klappa, men det var også nokre få som bua etter pressevisninga på filmfestivalen i Berlin måndag. Det er knappe sju år sidan dei grufulle hendingane. Fleire tusen er direkte råka, anten dei var på Utøya eller er pårørande til nokon som var der. På eit vis vart heile Noreg traumatisert av 22. juli og den vonde tida som følgde. Over 23.000 har signert eit opprop på internett mot den komande Netflix-filmen om Utøya, regissert av Paul Greengrass, som kjem i vår. Også Poppes film vekte debatt og protestar lenge før nokon hadde sett han. Mange tykkjer det enno er for tidlig med ein film, såra er for ferske.

Greengrass’ kritikarroste film United 93 kom fem år etter terroråtaka i USA 11. september 2001. Var det for tidleg? Når er tida eigentleg inne?

Eksemplarisk løyst

Når ein først skulle lage ein film om terroren på Utøya, har eg vanskeleg for å sjå korleis ein kunne ha løyst det på ein betre måte enn Erik Poppe har gjort det. Som i Greengrass’ film om United Airlines rute 93 er tilskodaren floge på veggen medan marerittet utspelar seg minutt for minutt.

Godt spelt

Kameraet følgjer 18 år gamle Kaja, fenomenalt godt spela av Andrea Berntzen, frå litt over klokka 17 den 22. juli, då alt enno er tilnærma normalt, og gjennom dei 72 minutta skytinga varer. Med unntak av innleiinga om bomba i Oslo er heile filmen gjort i eitt opptak, noko som fører ein realistisk nerve og ein eigen intensitet til filmen. Lydbiletet er effektivt, kameraføringa klaustrofobisk, usminka og realistisk, utan å verke spekulativ, og dialogane speglar det mange av ungdomane faktisk snakka om medan marerittet stod på.

Kollektive minne

Skytinga er nokre gonger nær, nokre gonger fjern; me høyrer skrik og ser ungdommar som spring. Mange av ungdommane forstår aldri kva som skjer, eller kor mange som skyt. Til å byrje med diskuterer dei om det er ei øving. Kaja er aller mest oppteken av å finne veslesystera Emilie.

Terroristen sjølv er knapt til stades i filmen; alt me høyrer er skota hans. Det var slik fleirtalet av ungdomane opplevde det. Dei fleste som såg terroristen på nært hald, lever ikkje lenger.

72 minutt. Det er til tider nesten uuthaldeleg å sjå på, men så lang tid tok det som kjent før politiet dukka opp.

Sju år er gått, og debattane har mykje av tida handla om alt anna enn ungdommane på Utøya: minnesmerke, soningsforhold og beredskap, motiva til terroristen og kjeldene til hatretorikken. Med Utøya 22. juli minner Poppe oss på kva som faktisk skjedde på sommarleiren til AUF ein regnfull julidag i 2011.

Utøya 22. juli har noregspremiere den 9. mars.

Erika Fatland

Erika Fatland er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Med Utøya 22. juli minner Poppe oss på kva som faktisk skjedde på sommarleiren til AUF ein regnfull julidag i 2011.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis