Talentfabrikken
Den formeltru historietimen om det vidgjetne Warner Bros. er imponerande og interessant.
Dei fire Warner-brørne etablerte filmselskap for 100 år sidan.
Foto: Warner Bros.
Dokumentarserie
Regi: Leslie Iwerks
100 Years of Warner Bros.
Med: Morgan Freeman, Martin Scorsese, Oprah Winfrey
Serie på HBO MAX, 4 episodar (basert på dei to fyrste)
Dei fire Warner-brørne Harry, Albert, Sam, and Jack kom til USA på tampen av 1800-talet. Med nye, engelske namn kasta dei unge polsk-jødiske mennene seg inn i den blodferske filmbransjen. Frå 1903 viste dei film. Etter kvart etablerte dei eit filmstudio som blei eit av dei største i verda.
Det er det framleis. No om dagen opererer etterkomarane med 1923 som år null. Dei feirar difor sine første hundre år med å hylla seg sjølve.
Rebellreklame
Dokumentarserien om Hollywood-studioet Warner Bros. er ei erkeamerikansk historie frå fattigdom til stjernestatus og pengeflaum. Forteljarstemma til Morgan Freeman og ei utruleg gullrekke av snakkande hovud legg fram sine tankar om rolla studioet har hatt. Dei kjem til orde ein etter ein: Clint Eastwood, Keanu Reeves, Patty Jenkins, Baz Luhrmann, Oprah Winfrey, Martin Scorsese, George Clooney, Christopher Nolan og ei mengd andre filmfolk og leiarar.
Mange poengterer at Warner Bros. har tradisjon for å høyre på kreative talent og ikkje berre prioritere det som verka økonomisk ved siste korsveg. I den evige kampen mellom kreativitet og kapital har Warner Bros. historisk sett vore ein utfordrar. 100 Years of Warner Bros. er i hovudsak reklame for studioet, sjølv om dramaturgien inneheld harde tider og kontroversar der leiarar har teke tvilsame val.
Skrytelista
Filmarven deira er rå. Serien bognar over av klipp. Eg listar opp ein brøkdel: Den populære stumfilmhunden Rin Tin Tin, den første skikkelege lydfilmen The Jazz Singer, dei grandiose musikalane til Busby Berkeley, gangsterfilmar med Edward G. Robinson, augo til Betty Davies, Casablanca og Malteserfalken høyrer alle til storleikstida i Hollywood.
«The stuff dreams are made of», som Humphrey Bogart seier. For ikkje å nemne Looney Tunes! Då studiosystemet skalv, gav Warner fridom til auteurs som Martin Scorsese og Stanley Kubrick. Dei lét William Friedkin provosere verda med Eksorsisten. Med Dirty Harry-filmane fann dei meir eller mindre opp filmfranchisane som no rir verda som ei mare.
I seinare tid har dei stått for Matrix- og Harry Potter-filmane. Dei var òg meir opne for mangfald enn mange andre. Både Bruce Lee og miniserien Røtter er eksempel på at dei lukkast med det. Det er dessutan særs interessant å høyre om korleis rolla deira under den andre verdskrigen var meir prinsippfast enn under kommunistjakta etter krigen.
Alle filminteresserte vil setje pris på denne serien, som gjev innsikt i næringa i tillegg til filmhistoria for selskapet som gjekk inn i både musikk og dataspel. Ein får ei mengd tips om filmar ein kan sjå opp att med nye auge, og filmar ein vil oppdage for fyrste gong. At talentfulle rebellar er traust skildra, får så vere. Kunnskapslysta trumfar.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.