Svanesong
Det er fine, om enn velbrukte tonar i den siste filmen til Stanton.
Harry Dean Stanton (t.h.) gir eit rørande portrett av ein einsleg mann som ikkje er åleine.
Foto: Another World Entertainment Norway
Drama
Regi: John Carroll Lynch
Lucky
Med: Harry Dean Stanton, Ron Livingston, David Lynch
Gamle Lucky (Stanton) køyrer gjennom dei same rutinane dag etter dag i den vesle landsbyen der han tydelegvis har budd mesteparten av livet. Om kveldane går han innom stambaren sin og diskuterer eksistensielle kriser med dei andre stamkundane.
All one
Harry Dean Stanton døydde hausten 2017, 91 år gamal, eit knapt halvår etter premieren på Lucky. Det blir som den vakraste nekrolog, då den gamle mannen såleis summerer opp ein lang karriere bygd akkurat på slike karakterar som Lucky. Dei har begge vakse opp i sørstatane, vore i marinen under andre verdskrig og er glade i countrymusikk. Det er som han byr på seg sjølv som eit siste farvel i denne filmen. Og det er eit vakkert farvel, fylt med ørken, støvfylte småbygater og eit rørande portrett av ein gamal, einsleg mann som ikkje er aleine, men all one. Denne refleksjonen over alder er det eg likar best med Lucky.
Lynchstemning
Eg får vel deng av Stanton-fanklubben, men eg skjønte aldri heilt den store hurlumheien rundt Paris, Texas. Uansett, det var denne filmen som skaut han til topps på indiestjernehimmelen i 1986. Lucky deler mange fellestrekk og vil nok gå rett heim i nemnde fanklubb. Det er ein type film som aldri går av moten, det er filmar der menn snakkar om livet medan dei sit på bar og snakkar om og med andre menn. Det er også noko teatralsk over desse barscenane, ei kunstig overlevering av replikkar og bartenderar så bartenderaktige at dei kunne vore laga av Gary Larson. Om det er slike filmar som held liv i denne barmyten eller omvendt, er eg usikker på, men om dei ikkje snart tillèt kvinnfolk inn i samtalen, så gidd eg ikkje høyra på stort lenger.
Regissør John Carroll Lynch er ikkje i slekt med David Lynch, men sistnemnde får gjera sitt sedvanlege vindskeive inntog, her som mannen som elskar skilpadda si så høgt. Stanton spelte i David Lynchs nydelege The Straight Story (1999), og etter mitt syn kunne Lynch heller ha halde seg bak kameraet enn framfor. Det er uansett Stanton som får skina til fulle i Lucky. Som eit tilbakeblikk på heile karrieren sin og heile livet sitt framfører han den mexicanske slageren «Volver Volver» og set det finaste punktumet han kunne bedt om.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.