Film

Superheltfilm på steroid

Avengers: Infinity War er for stor for sitt eige beste, men gir oss i det minste ein skikkeleg skurk.

Fleire enn 67 heltar og skurkar deler lerret når superskurken Thanos trugar verdsfreden.
Fleire enn 67 heltar og skurkar deler lerret når superskurken Thanos trugar verdsfreden.
Publisert

Den intergalaktiske kjempa Thanos (Brolin) er på jakt etter seks ævesteinar – infinity stones – som til saman vil gi han kontroll over universet. I kjent skurkestil vil Thanos øydelegge og drepe for å kunne berge det han synest er verdt å ha. Han startar jakta i «Asgard», der Thor (Hemsworth) regjerer. Det som skjer her, er eit varsel om det som ventar til slutt.

Marvel-universet er tilbake, større, sterkare og meir påkosta enn nokon gong. Avengers: Infinity War pakkar 76 karakterar inn i ei forteljing. Eg skal ikkje ein gong prøve å ramse opp alle, det ville tatt heile meldinga, men la oss berre seie det slik: Infinity War baserer seg på ein kumulativ effekt frå dei 18 (!) føregåande filmane, for å karakterisere rollefigurane, motivasjonen dei har, historia deira og tilhøvet alle imellom. At filmen faktisk lukkast med å fusjonere dette logistiske marerittet, er den største bragda. At det massive persongalleriet går på kostnad av ei meir samstemd historie, er openbert. Tallause actionscener blir kuren mot manglande personleg vekst og endring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement