Slekta er verst
Velkommen til Paris er ein midt på treet fransk komedie om klasseforskjellar og språk.
Designaren Valentin D (Boon) har gjort ei klassereise og møtt Constance (Arné), som òg er kreativ partnar.
Foto: AS Fidalgo
Komedie
Regi: Dany Boon
Velkommen til Paris (orig.tittel: La Ch’tite Famille)
Med: Dany Boon, Laurence Arné
Valentin D (Boon) har gjort den store klassereisa. Han har flykta frå det lågkulturelle Nord-Frankrike til Paris. Her har han gjort suksess som prisvinnande designar, han har møtt ei vakker kvinne, Constance (Arné), som òg er den kreative partnaren hans. Livet smiler, og designduoen skal ta imot heider og ære på ei utstilling.
Men noko ulmar. Valentin hevdar han er foreldrelaus. Vel, tar du livsløgna frå eit menneske, tar du også lukka frå det, for snart troppar ein heil landleg familie opp på utstillinga. Valentin må atter møte fortida.
Velkommen til Paris er ein slags oppfølgar til den franske komedien Velkommen til Shti’ene (2009). Det dei to filmane har sams, er ei humoristisk vinkling på språkforskjellane mellom franskmenn i nord og dei meir «kulturelle, forfina» i sør. Sh’ti er namnet som vert nytta om dialekten til dei som bur i den nordlege regionen, som andre franskmenn flirer godt av.
Det språklege utgjer mesteparten av humoren her, forutan litt slapstick frå ein klossete gammal mann – far til Valentin. Det er ein film først og fremst franskmenn vil le av. Men tematikken er interessant: ein mann som bryt med klassebakgrunnen sin, før han blir innhenta av fortida og må forsone seg med henne. Sjølv om dette er ein komedie, tar regissør Boon i overkant lett på «forsoningsbiten», og han vel heile vegen konvensjonelle løysingar framfor å overraske. Velkommen til Paris er vittig i augeblikk, men går fort i gløymeboka.
Sondre Åkervik
Sondre Åkerviker student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Komedie
Regi: Dany Boon
Velkommen til Paris (orig.tittel: La Ch’tite Famille)
Med: Dany Boon, Laurence Arné
Valentin D (Boon) har gjort den store klassereisa. Han har flykta frå det lågkulturelle Nord-Frankrike til Paris. Her har han gjort suksess som prisvinnande designar, han har møtt ei vakker kvinne, Constance (Arné), som òg er den kreative partnaren hans. Livet smiler, og designduoen skal ta imot heider og ære på ei utstilling.
Men noko ulmar. Valentin hevdar han er foreldrelaus. Vel, tar du livsløgna frå eit menneske, tar du også lukka frå det, for snart troppar ein heil landleg familie opp på utstillinga. Valentin må atter møte fortida.
Velkommen til Paris er ein slags oppfølgar til den franske komedien Velkommen til Shti’ene (2009). Det dei to filmane har sams, er ei humoristisk vinkling på språkforskjellane mellom franskmenn i nord og dei meir «kulturelle, forfina» i sør. Sh’ti er namnet som vert nytta om dialekten til dei som bur i den nordlege regionen, som andre franskmenn flirer godt av.
Det språklege utgjer mesteparten av humoren her, forutan litt slapstick frå ein klossete gammal mann – far til Valentin. Det er ein film først og fremst franskmenn vil le av. Men tematikken er interessant: ein mann som bryt med klassebakgrunnen sin, før han blir innhenta av fortida og må forsone seg med henne. Sjølv om dette er ein komedie, tar regissør Boon i overkant lett på «forsoningsbiten», og han vel heile vegen konvensjonelle løysingar framfor å overraske. Velkommen til Paris er vittig i augeblikk, men går fort i gløymeboka.
Sondre Åkervik
Sondre Åkerviker student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.