Film
Saabye Christensen opnar opp om livet – men filmen famlar
Filmen er korkje spontan dokumentasjon eller ei velstrukturert regissert skildring.
I dokumentarfilmen snakkar Lars Saabye Christensen om virket sitt som forfattar og musikar.
Foto: Holmberg Film
Forfattaren Lars Saabye Christensen nyt stor suksess og respekt med god grunn. Under pandemien fekk fotografen Bjørn-Owe Holmberg filme osloensaren under innspelinga av plata Heder og verdighet av bandet Norsk Utflukt, der forfattaren les dikta sine til tonane av bluesen bandet spelar.
Mest fortel Saabye Christensen om litteraturen, livssynet, musikken og døden.
Svake takter
I første scene kjem ulike klipp av Christensen som freistar formulere betre svar på korleis forfattarverket byrja. Løysinga gjev forståing for at dokumentarfilmen inneber iscenesetjing, og at røynda ikkje er perfekt og velartikulert. Men eg kjem kjapt fram til at her er det noko som ikkje stemmer. Filmen er korkje spontan dokumentasjon eller ei velstrukturert regissert skildring.
Teknisk sviktar filmen i mange ledd. Lydbiletet er direkte dårleg. Lyden er ujamn og prega av forstyrrande detaljar som i ein amatørfilm. Både teknikken ved opptak og etterarbeid verkar å ha havarert. Klippen er stakkato og keitete. Ingenting flyt, utan at det fungerer som ein gjennomtenkt rastlaus stil.
Bileta er blasse i ljos og fargar. Utsnitta er helst preglause intervjuseansar med eit par triks gjennom vindauge for distanse. Elles vekslar forsøksvis poetiske avbrekksbilete mellom vatn, himmel og graver, stundom i svartkvitt. Bølger i sakte film er ikkje min idé av stor filmkunst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.