Film

Rettetanga til Faust

Gjengen bak Dear White People leverer kjekk skrekk à la Get Out.

Elle Lorraine spelar hovudrolla som Anna som vil opp og fram i ein TV-kanal i Los Angeles i 1989.
Elle Lorraine spelar hovudrolla som Anna som vil opp og fram i ein TV-kanal i Los Angeles i 1989.
Publisert

Anna (Lorraine) vil opp og fram på ein MTV-liknande kanal i Los Angeles i 1989. Trass i at kanalen skal lyfta fram svarte talent, strittar dei høge herrar mot krøllar, i tråd med tradisjonen for systematisk rasisme. Den kule heimespøta sveisen til Anna må ryke, skal ho skli strigla inn i rampeljoset. Sjefen (Williams) tipsar om ein dyr frisør med fortryllande rette hårforlengingar. Anna sel sjela si, men finn snart ut at sveisen har ein faustisk tone og djevelsk fri vilje.

Satirisk skrekk

Regissøren Justin Simien har hatt suksess før med satire som har stikk til kvite privilegium i USA. Debutfilmen Dear White People (2014) blei jamvel til ein serie med same namn. Elle Lorraine frå nemnde film har no hovudrolla. Ho gjer gjengs jobb med komisk teft og rik mimikk. Emmy-vinnar Lena Waithe er òg med igjen. Som skodespelar, produsent og manusforfattar har ho sett sitt preg på mellom anna serien The Chi og filmen The 40-Year-Old-Version.

Tematiske trådar og talent går igjen. Det tragikomiske potensialet i å vere feil farge i USA blir brukt fullt ut. Bad Hair blandar inn skrekk i satire på ein måte mange kjenner frå Get Out av Jordan Peele. Simien når ikkje opp til den genistreken. Han lukkast likevel med liknande oppskrift.

Friske spark

Premissen for grøssarelementa er på syre. Det blir meir morosamt enn gyseleg. Poenga om strukturane som står bak populærkulturen, står trygt. Stilen er eit herlig oppkok av sprudlande åttitalsestetikk. Referansane flyt over, også på rollelista. I tillegg til Blair Underwood kan nostalgikarar nyte Usher, Kelly Rowland og ein slesk James Van Der Beek. At Vanessa Williams spelar sjef, er neppe tilfeldig. Den heller ljose modellen er kjend som den første afroamerikanaren som blei Miss America i 1984. Slik sparkar filmskapar Simien stadig mot kva det kostar å ikkje vere kvit i kulturindustrien. Samstundes ser ein korleis nokre skor seg på kulturen til dei ekskluderte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement