JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Regi på roteromm et

Now it’s dark er eit ganske vellukka forsøk på å kombinera altfor mykje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Silje Salomonsen spelar hovudrolla som Lene som vandrar ut i stavangernatta i ein ny film frå Arild Østin Ommundsen.

3114
20180302
3114
20180302

Drama

Regi: Arild Østin
Ommundsen

Now it’s dark

Med: Silje Salomonsen, Pia Tjelta, Kristoffer Joner, Vegar Hoel

I løpet av ei natt lyt Lene (Salomonsen) løysa mysteriet om dagen dottera forsvann sporlaust. I si vandring gjennom Stavanger møter ho ulike personar som vekkjer minner og assosiasjonar, og som på ulike vis påverkar utfallet.

Blanda styrke

Det er eit dristig prosjekt regissør Arild Østin Ommundsen har hatt føre seg med Now it’s dark. Han var borti krimelementet i førre film, Eventyrland (2013), men har for det meste hatt ganske streite narrativ der gruppedynamikken har drege filmane i stor grad, som i Monstertorsdag (2004) og mest kjent av alt Mongoland (2001). No ligg det ein botn av psykologisk uro og mentale krumsprang. Ommundsen skal iallfall ha for å vera trufast mot samarbeidspartnarane sine – eg trur alle som var med i Mongoland, er innom i løpet av natta Lene spring rundt med den mørke parykken og dei rotete tankane sine. Rotet forplantar seg inn i filmen, men trådnøstinga er samtidig styrken, og eg heng så vidt med. Trur eg.

Påverka

Dei mange skodespelarane som skal presenterast, kvar med si scene, gjev Now it’s dark eit utstillingsvindaugepreg. Denne rada med individuelle møte, der Lene og nærare tjue ulike skodespelarar skal snakka saman, berre dei to, gjer det heile fragmentert og lausrive. Den einaste me kjem inn på, er Lene, og det er no for så vidt heilt innanfor, men å skulla skapa ein relasjon til mengda med berande bikarakterar går ikkje. Eg får ikkje heilt tak på dei, og når det heile er dusja i rikelege dosar surrealisme, blir det naturleg nok ikkje heilt begripeleg. At det er gjort med overmål, tvilar eg ikkje på, men resultatet verkar meir som nasegrus David Lynch-beundring enn originalt regigrep. Så prøver Ommundsen heller ikkje å skjula denne påverkinga, tittelen refererer til eit sitat frå Blue Velvet (1986). Dristig, som sagt, men ikkje av den grunn innanfor.

Halvmørkt

Den verkelege stjerna i Now it’s dark er Stavanger. Byen står fram som spennande, grumsete, glitrande og mystisk – langt frå det eg vanlegvis assosierer han med: ein riktig småborgarleg by stinn i oljepengar. Nyanseringa er forfriskande. Og som eg nok har nemnt før, er det noko med rogalandsdialekta som gjer seg utruleg godt på film. Så blir også manuset formidla av gode skodespelarar, fleire av dei har gjennom årrekkjer no heva nivået over det meir teatralske som framleis går att i overraskande mange norske filmar. Eg har meir å utsetja på spelerommet enn på sjølve spelarane. Dei omtala duoscenane pressar karakterane inn i boksar og maktar ikkje å heva handlinga, snarare omvendt. Nokre av dei er også så i overkant sære at det bidreg kanskje ufrivillig til sneven av surrealisme, som aldri heilt glir over i bisart, berre i ei slags gråsone. Ommundsen har ikkje laga ein dårleg film, han har berre gått i «for mykje av det gode»-fella.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den verkelege stjerna i Now it’s dark
er Stavanger.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis