Portrettperfeksjonisten
Pablo Larraín skildrar Prinsesse Diana på veg mot skilsmisse med stil og sjel.
Diana, spelt av Kirsten Stewart, med sønene William og Harry.
Foto: Pablo Larrain / Norsk Filmdistribusjon
Drama
Regi: Pablo Larraín
Spencer
Med: Kirsten Stewart,
Timothy Spall, Sally Hawkins
Kinofilm
I Spencer møter vi Prinsesse Diana (Stewart) jula 1991. Ho skal feire jul med ektemannen, dronninga og resten av kongehuset. Det gjer ho alt ho kan for å unngå. Ho freistar hardt å forseinka turen til kvart måltid. Majoren Alistar Gregory (Spall) held strengt auge med alt som rører seg i gangane. Berre barna gjev Diana glede.
Familiefrontar
Dette er den fjerde portrettfilmen på rad av den chilenske meisterregissøren Pablo Larraín. Kjekke Neruda tok frekt og freidig føre seg nasjonalpoeten. Stilreine Jackie var tett på enka etter John F. Kennedy i dagane etter drapet. Hemningslause Ema var eit fyrverkeri om ein fiktiv dansar i Valparaíso.
No er han tilbake i den engelskspråklege verda. Det taklar han godt, sjølv om han er morosamare på heimebane. Han handsamar prinsesse Diana med stort hjarte og suveren stil. At Kirsten Stewart er nominert til Oscar for hovudrolla, er rett og rimeleg. Ho gjer si beste rolle.
Stewart poserer pertentleg og dansar elegant på ei line som sår og utskjelt med stjernenykker. Figuren er skriven for fiksjon med fleire fasettar, frå lynskarp til barnsleg. Parallellane ho ser til dronninga Anne Boleyn, som blei avretta utan skuld, er skarpe. Forholdet til kongefamilien er isande kaldt.
I dei små snuttane ho ser dei, er rommet fylt av forakt. Scener med sønene er derimot varme. Då skin kjærleik frå båe sider. Ein ser òg omhug i vennskapen med Maggie (Hawkins), som skal tvinge på prinsessa rett kjole til rett tid.
Frontfaga
Sanningar er sekundære hjå chilenaren. Stemninga og stilen er sentral. Kostyma er kolossalt flotte. Ein kan nærast kjenne tekstilane. Jacqueline Durran har to oscarstatuettar i skapet. At ho ikkje er nominert no, er latterleg. Fargane får framifrå framtoningar i eit stoffleg og stilreint visuelt uttrykk.
Kamera er stramt handtert av Claire Mathon. Ho har vist teft for original og ambisiøs estetikk i Portrett av en kvinne i flammer, Atlantique og Lille mamma. Lyden vekslar perfekt frå klangfull til teppedempa. Musikken av Jonny Greenwood frå Radiohead treffer perfekt.
Altså er alt i dei beste hender i stiliserte Spencer. Det finst ikkje slump hjå denne filmskaparen. Pablo Larraín er kompromisslaus og kanongod som vanleg.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At Kirsten Stewart er nominert til Oscar for hovudrolla, er rett og rimeleg.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.