Ploging i nedoverbakke
Skal ein skulda på Jo Nesbø eller Tomas Alfredson for dette mislukka nordic noir-forsøket?
Harry Hole (Fassbender) og Katrine Bratt (Ferguson) på stamkafeen Schrøder i Oslo.
Foto: Jack English / United International Pictures
Kriminaldrama
Regi: Tomas Alfredson
Snømannen (Orig. tittel: The Snowman)
Med: Michael Fassbender, Rebecca Ferguson, J. K. Simmons
Den forfylla, men respekterte politimannen Harry Hole (Fassbender) får ei forsvinningssak i nevane. På laget har han med seg den unge, målretta betjenten Katrine Bratt (Ferguson). Kvinner forsvinn, og når dei dukkar opp att, er dei parterte. Utanfor huset deira står alltid ein snømann og smiler skeivt. Snart blir det klart at noko av mysteriet har opphav i ei gamal, uoppløyst sak i Bergen, som Katrine nyss flytta frå. Den rike filantropen Arve Støp (Simmons) er også tilknytt på eit eller anna vis saman med ein haug andre.
Postkort frå «Noreg»
Når Hollywood kjem til Noreg, er det klart at me kan ikkje rekna med å få gjengjeve landet på realistisk vis. Så eg prøver å ikkje la dette trekkja ned hovudinntrykket at Atlanterhavsvegen dukkar opp fleire gongar, både utanfor Oslo og i Telemark. Eg synest ikkje det verkar usannsynleg at folk røyker uavbrote innandørs uansett kor dei oppheld seg, sjølv om få land har strengare røykelov enn Noreg. Heller lèt eg meg ikkje affisera av at teakpanelet, som prydar den underleg trendy leilegheita til Hole, går att i stort sett alt interiør gjennom heile filmen. Sistnemnde er jo varemerket til regissør Tomas Alfredson, om du har sett Muldvarpen (2011), men då er trass alt handlinga lagd til 70-talet, mens teak framleis var nokolunde moderne. Og det går ei stund før eg skjønar at handlinga i Snømannen faktisk er lagd til notid: Kven i holaste har ein svær bunke brev på pulten sin i dag? Men nei då, ingenting å henga seg opp i her.
Resten
Frå ironi til alvor: Dei fleste utanfor Skandinavia vil ikkje tenkja over «finn-5-feil»-stilen. Og landskapsbileta er gjennomgåande akkurat så slåande vakre som me sjølve ofte kan skryta av. Men kva med handlinga? Eg har store problem med å nøsta opp kven som har med kva å gjera utover. Ikkje fordi det er så intrikat, for ofte er det aldeles banalt kor lett dei finn tråden. I neste augeblink verkar det som samanhengen har forsvunne ein plass i fortida. Og korleis mordaren får til å laga desse snømennene på dei underlegaste stader, er uforståeleg. Er det forfattar Jo Nesbø som har laga eit så dårleg, usannsynleg plott i boka filmen er basert på? Kvifor har dei då tenkt at det var ein god idé å laga film av det? Meisterdetektiv Harry Hole har meir flaks enn teft, og nokre gongar tek han så merkelege avgjersler at eg til slutt tenkjer at, ja, han har verkeleg teke skade av all alkoholen han visstnok heller i seg.
Konklusjonen
«Ingenting fungerer i starten» har eg notert på blokka mi. I starten, ja – hadde det no berre endra seg utover i filmen. Snømannen snublar i sine eigne, idiotiske feller, gong på gong. Svenske Tomas Alfredson er ein regissør eg har hatt respekt for, så då blir det ekstra uforklarleg at han portretterer nabolandet sitt på ein så forstokka måte, samtidig som han lagar ein skikkeleg blunder av ein spenningsfilm som ikkje finst spennande. Sjølv ein amatør kan få norsk natur til å sjå bra ut. Proffar som Alfredson og Nesbø burde klart å laga betre krim enn dette.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Snømannen snublar i sine eigne, idiotiske feller, gong på gong.
Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.