Overflatebehandling
Forsvunnet har forsvinnande lite på hjartet til å gje seg ut for å vera så hjartevarm.
Roos (Lodeizen) og mor hennar (de Brauw) pirkar i sår frå barndommen.
Foto: Storytelling Media
Drama
Regi: Boudewijn Koole
Forsvunnet (Verdwijnen)
Med: Rifka Lodeizen, Elsie de Brauw, Marcus Hanssen, Jakob Oftebro
Den nederlandske reportasjefotografen Roos (Lodeizen) tek ein pause frå jetsetlivet for å besøka mora (de Brauw) og veslebroren Bengt (Hanssen) som bur ein stad i Innlands-Noreg. Ho vil òg ligga litt med den gamle flammen sin (Oftebro), driva isfiske og omsider pirka i gamle sår frå barndommen.
Uengasjerande
La meg starta med å seia at eg mislikar filmar som er overtydelege. Forsvunnet er aldeles ufatteleg overtydeleg. Forholdet mor/dotter er superanstrengt, kjærleiken mellom storesyster/veslebror er superfantastisk og sexen med eksen er superorgastisk, trass i at dei ligg på plastmatter baki ein innrøykt, gamal varebil. Mykje av filmen fell på Roos. Også ho er så påteken naturleg at det skal mykje til for at det ikkje verkar motsett. Innstudert avslappa er vanskeleg å dra i land. Og så kardinalsynda (for å bruka eit omgrep like klisjéaktig som store delar av filmen): Det er skikkeleg kjedeleg å sjå på.
Moll
Rollefigurane har noko fint over seg, noko udefinerbart som innleiingsvis verkar tillitsvekkjande. Men eg blir berre ikkje nysgjerrig på kva som ligg i fortida til dei to framandgjorde kvinnene. Dette går i neste omgang utover mi interesse for kva framtida har stilt opp for Roos. Mot slutten vert det heile både trått og deprimerande, men utan å verka rørande eller tankevekkjande. Og når ein lyt ty til mollstemt piano og dus saktefilm, vert det overtydelege så til dei grader overtydeleg. Og eg har allereie sagt kva eg synest om slike filmar.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?