Og bakom uler skogane
Som ein vakker, men forstyrrande feberfantasi glir Skyggenes dal forbi.
Ni år gamle Aslak på tur i skodda.
Foto: Another World Entertainment AS
Drama
Regi: Jonas Matzow Guldbrandsen
Skyggenes dal
Med: Adam Thornes Ekeli, Kathrine Fagerland, John Olav Nilsen
Vesle Aslak (Ekeli) bur åleine med mora (Fagerland) i ei bygd på Sør-Vestlandet. På nabogarden finn dei fleire ille medfarne saueskrottar, og naboguten kan informera Aslak om at ein varulv herjar i skogane ovanfor husa. At bror til Aslak samstundes har forsvunne, kan berre bety éin ting. Eller kan det det?
Stille uro
Det er ei ro over heile filmen trass i uroa som Aslak heilt tydeleg har i seg. Det er bra gjort å kombinera desse så saumlaust. Det er ikkje ein bråkete film, men ved å bruka lada omgrep som varulv sitrar det likevel frå start til slutt. Rommet til broren, med interiør som vitnar om notid og ein ung mann, lokkar Aslak til seg, slik ungar ikkje klarar å halda seg vekke frå stader dei har fått beskjed om å halda seg vekke frå. Mora maktar ikkje skjula sorga og bekymringane over den eldste sonen, og stemninga i huset er som definisjonen på trykkande. Hunden Rapp vert det trygge punktet i tilværet til Aslak.
Alle desse elementa er kjende grep som fører tankane til Tarjei Vesaas og hans elegante, vare framstilling av ungar og oppvekst. Dei umælande dyra ber slik tryggleik og klokskap i seg, dei er som det konstante fundamentet i ei elles uroleg verd. Så kva verre enn eit menneske blanda med villdyr for å setja ei barneverd ut av balanse?
Uvanleg fin
Den vakre scena der Aslak flyt gjennom vatnet, minner meg om då eg var lita og las Anne frå Bjørkely, som igjen hadde ein djup fascinasjon for diktet om The Lady of Shalott. Dei litterære referansane seier kanskje mindre om filmen og meir om kva assosiasjonar han framkallar. Saman med den nydelege vokalmusikken, komponert av Zbigniev Preisner, er Skyggenes dal ei filmatisk nydeleg, grå perle. Tittelen er ikkje særleg god, synest eg, då han er langt meir svulstig og klisjéaktig enn resten av filmen. Nokre av dialogane verkar i overkant kunstige (til dømes den med John Olav Nilsen i rolla som mann i skogen), men maktar gje eit slags uverkeleg, poetisk preg som gjer at eg kan svelgja det. Her er eit fascinerande spenn mellom psykologi, fantasi og barnesinn som er sjeldan vare i norsk film. Hadde du forventa ein skrekkfilm, er det berre gjennom fantasien til vesle Aslak du får det – og det kan vera skrekkeleg nok.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.