Musikk skal byggjast ut av einsemd
Ei klassisk historie om å ofre seg for kunsten er ei rik nerdereise i indisk musikk.
Regissør Chaitanya Tamhane valde å la musikarar vere skodespelarar i filmen.
Foto: Netflix
DRAMA
Regi: Chaitanya
Tamhane
The Disciple
Med: Aditya Modak, Arun
Dravid, Sumitra Bhave
Film på Netflix
Sharad (Modak) går i fotspora til far sin og gjev alt for å bli ein stor vokalist innanfor klassisk indisk musikk. Han er disippel av ein streng guru (Dravid). Dei høyrer til skulen til legendariske Maai. Med opptak av forelesingane hennar frå 1972 på øyra rullar Sharad sakte gjennom gatene i Mumbai på motorsykkel. Han er heilfrelst.
Rein raga
Ein stor vokalist som syng etter strenge ragareglar, må rekne med eit liv i einsemd og svolt, seier Maai. Den skjebnen siktar Sharad heilhjarta mot. Han skal reindyrka talentet. Forsøk på romansar renn vekk på grunn av det romantiske forholdet til dei musikalske røtene. Dei sosiale antennene verkar ikkje å vere finstilte. Når ein elev ber om løyve til å lefle med fusion, fell det i dårleg jord.
Regissør Chaitanya Tam-
hane har valt musikarar i staden for skodespelarar. Det gjer susen for songscenene. Musikken er kjernen. I USA har ein trekt parallellar til musikarportrett som Inside Llewyn Davis og Whiplash. Det er ikkje feil, men filmen har meir interessante aspekt.
Noko av det flotte med The Disciple er at ein får fråtse i ein klassisk indisk tradisjon som for meg er framand. Mykje høyrest ut som noko eg har høyrt i bakgrunnen i indiske filmar, men ikkje tenkt over nyansane og tradisjonane til. Denne seriøse nerdinga er staseleg.
Moderne musikk
Forteljinga følgjer Sharad dei siste 15 åra, med nokre tilbakeblikk til barndomen, der han heller øvde med faren enn leika med andre born. Sharad er ikkje heilt lausriven frå samfunnsutviklinga. No og då ser han klipp frå Fame India på fjernsynet, der ei jente tek reisa frå blyg og tradisjonell til popstjerne. Det er ei anna verd.
Moderne innverknad på musikkverda er likevel ikkje utan verdi. Ny teknologi kan vere ein ven i å verne kulturskattar. Paradoks knytt til ei fundamentalistisk musikkforståing finst. Kan ein knyte ei strikt kulturforståing til den aukande hindunasjonalismen?
The Disciple streifar innom sprengstoff, men for Sharad er musikken størst av alt. Den rå debutfilmen Court var meir kompromisslaus og spennande. Andrefilmen har færre skarpe kantar. Like fullt er det herleg kor djupt inn i musikken regissøren Chaitanya Tamhane har dykka. Det er berre å la seg rive med av dei gyngande improvisasjonane over rik ragaarv.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Noko av det flotte med The Disciple er at ein får fråtse i ein klassisk indisk tradisjon som for meg var framand.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.