JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Lågmælt høgspenning

Så godt kan det gjerast.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jakob Cedergren spelar politimannen Asger, som er flytta frå gateteneste til alarmsentralen medan han ventar på ei rettssak han er involvert i.

Foto: Nikolaj Møller /

3049
20180810
3049
20180810

Krim/drama

Regi: Gustav Möller

Den skyldige

Med: Jakob Cedergren, Jessica Dinnage, Omar Shargawi

I det opne kontorlandskapet sit Asger (Cedergren) og svarar på telefonar frå folk som ringer 112. I påvente av ei rettssak han er involvert i, er han teken frå gatetenesta og sett på alarmsentralen. Ein lang, kjedeleg kveld vert avbroten då ei skrekkslagen Iben (Dinnage) latar som ho ringer dottera si for å forklara at ho er bortført.

Kompleksitet

Asger er ikkje spesielt sympatisk der han likegyldig og nesten hånleg svarar dei som ringer 112 av viktige eller mindre viktige grunnar. Også tonen han blir møtt med frå kollegaene på Nordre Sjælland politidistrikt, vitnar om at han ikkje er godt likt. Kvifor er han nedgradert? Dette spørsmålet heng i lufta heilt frå starten. Uansett fortener han det sikkert, kva det enn er han er sikta for, tenkjer eg. Når livet til ei bortført kvinne så blir lagt i hendene til denne arrogante, tvilsame karakteren, er det som eg kjenner håra reisa seg i nakken. Eg må heia på Asger. Det var som pokker.

Telefonært på

Kor spennande kan det bli sjølv om hovudpersonen aldri forlèt rommet? Det er nesten så eg ikkje vil skriva det i fare for at nokon tenkjer «ikkje spennande i det heile», slik eg sjølv kunne ha gjort. Men så såg eg for nokre år sidan den særs gode Locke (2013), der den einaste personen me ser og høyrer, er Tom Hardy som sit i bilen og organiserer livet sitt via mobilen på høgtalar. Det er vanskeleg å ikkje samanlikna til ei viss grad, utan at nokon av dei kjem svakare ut av den grunn. Sterke skodespelarar må til for å bera slike filmar, noko Jakob Cedergren viser tilsvarande som Hardy gjer i Locke. Og både den og Den skyldige er intenst engasjerande drama. Kva som blir sagt i den andre enden, påverkar neste trekk, men trekket er totalt uføreseieleg, slik det oftast er i røynda. I tillegg til at sjåaren ikkje anar kva som vil skje med Iben, ungane hennar eller bortføraren, lurer stadig uroa over kva det er Asger eigentleg har gjort.

Frå student til studert

Manusforfattar (saman med Emil Nygaard Albertsen) og regissør Gustav Möller har tidlegare berre laga ein studentfilm, In Darkness (2015), og gjer eit ellevilt langt hopp frå filmskulen over til dønn konkurransedyktig filmskapar. Han er ung nok til å ha podkast i blodet, noko som kan merkast på grepa han tek. Framdrifta treng ikkje visuell hjelp, den fortetta stemninga og alt bakomliggande kjem frå tale. Slik formidlar han effektivt også systemkritikk mot psykisk helsevern, barnefordeling og politietaten, utan at det tek merksemda vekk frå handlinga. Möller klarar å laga ein drivande, kompleks og samtidig enkel film på under halvannan time. Førebiletleg bruk av tid, med andre ord. Og kven som er den skuldige, kjem an på kva side ein ser historia frå. Slik det også er i røynda.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Regissør Gustav Möller gjer eit ellevilt langt hopp frå
filmskulen over til dønn konkurransedyktig filmskapar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis