Film

Kulturelitens sjølvportrett

Dette er ein film av, med, om og for franske intellektuelle. Altså er han smart, stilig og snakkesalig.

Skodespelaren Selena (Juliette Binoche) er gift med forleggjaren til forfattaren Léonard (Vincent Macaigne).
Skodespelaren Selena (Juliette Binoche) er gift med forleggjaren til forfattaren Léonard (Vincent Macaigne).
Publisert

Forlagsleiar Alain (Canet) møter forfattar Léonard (Macaigne) til ein lunsj der det er uklart om fokus er forhandling eller vennskap. Skodespelaren Selena er gift med Alain og får langt meir merksemd for ein krimserie som gjer deg avhengig, enn ho fekk for respekterte teaterroller, medan Valérie utan openberr grunn er saman med Léonard når ho ikkje er rådgjevar for ein vyrd politikar. Saman og med meir eller mindre likesinna snakkar ensemblet om det digitale i bokbransjen, røyndomslitteratur, seriar og andre narrativ.

Tvitringar og rop

Dei drøftar nye tider og evige dilemma. Om ein ferdast i krinsar som ser seg som meir eller mindre kultiverte, er mange av argumenta kjende. Blogg mot bok, kunst mot kremmar. Twitter og netthets, postfakta og algoritmar blir diskuterte i lys av kva som demokratiserer eller fordummar. Skrift har status, men set tekstar av kritikarar i pressa framleis trendar?

Mange poeng er på sin plass, som at nye seriar på strøymetenester stadig får skryt same kva. Nye straumar sel, og kjeklinga om kva som er redninga, heng saman med kva ein trur trusselen er. Ei som skal omstrukturere alt frå grunnen, bryr seg ikkje om Bergman, medan dei middelaldrande kan mane fram sitat frå Leoparden av Visconti om at endring må til for stillstand.

Smaken som baken

Samtalar driv filmen, men driftene finn òg sin plass. Forviklingar og utroskap florerer. Léonard er skildra som spesielt patetisk, men som den franske tittelen viser, har dei fleste liv to sider. Røynd og romanar er rota saman, og fiksjonen i filmen er nok særs lett å kjenne igjen for dei som kjenner stammespråket til gallisk intelligentsia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement