Kaurismäki i slag
Finlands fremste filmskapar har laga ein fortreffeleg romantisk komedie i kjend og kjær stil.
Turtelduene Ansa, spelt av Alma Pröysti, og Holappa, spelt av Jussi Vatanen.
Foto: Malla Hukkanen / Sputnik / Arthaus
Drama / Komedie
Regi: Aki Kaurismäki
Høstgule blader (Orig.tit.: Kuolleet lehdet)
Med: Alma Pöysti, Jussi Vatanen, Martti Suosalo
Kinofilm med premiere 25. desember
Holappa (Vatanen) drikk tett. Han har lommelerka på lur også når han er i sving i industrijobben. Ansa (Pöysti) er samvitsfull og raus, men får sparken då ho blir teken i å ta med seg ein blings som er utgått på dato, frå jobben sin på daglegvarebutikken. Ho har uansett ikkje skikkeleg kontrakt. Båe er einsame. Tungsinnet hjå Holappa hindrar oss ikkje i å heie hardt på at dei to skal finne kvarandre.
Varm kulde
Aki Kaurismäki er i slag. Omgjevnadene og figurane er så typiske for regissøren at han nesten verkar parodiere seg sjølv. Dei to turtelduene er spelte av Alma Pöysti og Jussi Vatanen. Dei vantar fartstid med den store regissøren, men passar perfekt. Andleta er stoiske og alvorlege. Dialogen er lakonisk.
Menneska er stiliserte, slik barane, gatene og kleda også er det. Bileta ber varme. Ingenting tyder på at dette er eit heseblesande, høgteknologisk land, men eg får auge på ein enkel Nokia-telefon. Kalenderen på veggen er rett nok frå 2024, men verda til Kaurismäki har ikkje endra seg stort dei siste tiåra.
Trass i den lågmælte stilen ser ein strenge meldingar frå finnen. Fattigdom, alkoholisme og rettsløyse i arbeidslivet pregar eit kaldt Finland styrt av kynisme og griskleik. Sinnet brenn på lågbluss. Ingen skrik eller demonstrerer. Det er kraft i stilla.
Fjong klang
Det er karaoke på puben då dei to hovudfigurane først kikar på kvarandre. Musikken er eit berande element.
Olavi Virta er ein gjengangar. Han var kjend som kongen av finsk tango, men fleskar òg til med ein finsk versjon av «Mambo Italiano».
Verdas største tangostjerne Carlos Gardel må med. Ei sviske frå Helena Siltala er herleg. Mellom eldre slagarar er ei konsertscene med synthpopsystrene i Maustetytöt høgdepunktet.
I lag med musikknerden kjem filmelskaren Kaurismäki fram i plakatar av franske klassikarar og ein kinotur for å sjå den nye zombiekomedien til Jim Jarmusch. Publikum samanliknar The Dead Don’t Die med fransk nybølge utan ei mine. Det er vittig.
Situasjonar og kommentarar med komisk snert kjem tett. Eg ler og smiler. Humoren byggjer på små fakter og er mørk. Stemninga er ei nyting. Kjærleiken strøymer i meg, for figurane, for den lune, absurde humoren og for den gode og modige filmen.
Trass i tristesse er Høstgule blader ein beint fram godmodig film. Det er ei glede å sjå film av ein særeigen, sann filmkunstnar som Kaurismäki på kino. Filmen har hatt festival- og spesialvisningar i haust, men kjem på kino landet over til jul. Gled dykk.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.