Film
Ikkje for tandre sjeler
Kor mykje ansvarsfråskriving er tillate når du går frivillig inn i løvehola?

Danske Sascha (Sonne) har slått seg saman med Michael (Yde) og dei låke venene hans. Draumar om det søte liv fører henne ut i alt anna enn akkurat det.
Skit i reiret
I klokkeklare fargar spradar Sascha over den stille flyplassen med ein svær koffert på slep. Sydenferie til Tyrkia er så ungdommeleg og normalt at eg straks får dårlege vibbar. Dei fyrste scenane gjev ein presis og lite lovande presentasjon av hovudpersonen – blandinga av naivitet, kortsiktige mål og langsiktige ambisjonar er fortvilande gjenkjenneleg. «Dum blondine» verkar mindre kalkulert enn eit naturleg rolleval, noko som ikkje spelar til hennar fordel.
Den brokete gjengen kring den gufne kjærasten Michael oppfører seg som den reinaste parodien på materialistiske toskar, der mennene flottar seg med klokker og damene med smykke. Ein kan berre sjå for seg framtidas idiot i den stakkars ungen som veks opp i denne drikkfeldige, kokaininfiserte versjonen av ein familie. At ikkje dette ser ut til å bli registrert hjå Sascha, kan kanskje lesast som eit resultat av ein liknande oppvekst, elles veit eg ikkje kva orsaking ho har for å gå så blindt inn i dette reiret frivillig.
Skuldnarar
Alt frå starten av får Holiday meg til å vilja ropa «kom deg heim, jente!» til lerretet. Kjensla av ei tikkande bombe kryp inn under huda og tikkar saman med hjartet mitt, som samstundes blør for Sascha. Det vil seia, sympatien kjem og går, då det finst grenser for kor mykje ein treng finna seg i, og kor tett ein kan vera i ein del av desse situasjonane.
Så kan ein seia at mykje av dette kan skje den beste, men der vel eg å seia at det skjer strengt tatt oftast med dei ikkje heilt gode. For ho er jo ikkje heilt god i hovudet. Enkelte scenar er uansett så fæle, og den einaste synda ho har gjort seg skuldig i, er at ho faktisk er til stades.
Filmen klarar halda både balansen og spenninga og lèt det vera opp til sjåaren å avgjera kor skuldspørsmålet ligg. Denne sjåaren kjenner seg oppgitt, forarga og har sjeldan hatt så lite lyst til Syden. Då har vel i grunnen regissør Eklöf lukkast, vil eg tru.