Hogg og belegg
Sjarmerande, fengjande, interessant – så kvifor så lite innhald?
Onkel Bjarne og Anders i stova.
Foto: Mer Filmdistribusjon
Drama / komedie
Regi: Jorunn Myklebust Syversen
Hoggeren
Med: Anders Baasmo Christiansen, Bjarne Syversen, Terje Helstad, Benjamin Helstad
Midt i ein skog står ein lyslugga mann og hamrar laus på eit grantre. Anders (Baasmo Christiansen) har kome tilbake til heimbygda i Hallingdal etter å ha budd halve livet i byen. Onkelen (Syversen) gjev klart uttrykk for kva han synest om den planlause amatørhogsten. Kva dreiv Anders attende til bygda, og av alle ting: korfor har han trong til å rydda skog med øks?
Blod er tjukkast
Ein kan nærast lukta norsk sommar. Grøne, bratte bakkar inn mot brun skogsbotn, fluger som surrar. Filminga, stødig utført av Marte Vold, tek inn alle inntrykk ein assosierer med Bygde-Noreg, frå denne urnorske naturen til rånarane på bensinstasjonen. Enkelte kunne teke dette for langt, overdrive slik at det blei karikert, men regissør Jorunn Myklebust Syversen kjenner denne staden og sinnstilstanden; det merkast. Så har ho også brukt sin eigen familie i rollene som tante, onkel og syskenbarn. Å sleppa å sjå ein eller anna mykje brukt teaterskodespelar prøva å gje kraft til ei rolle som onkelen, er utruleg forfriskande. Eg kan nesten ikkje rosa rollebesetninga nok; framføringa av dialog er så naturtru at om ein samanliknar, verkar sjølv serien Skam oppstylta og teatralsk. Såleis kjem nesten Christiansen og Helstad, som ikkje på nokon måte leverer dårlege prestasjonar, i skuggen av slektningane.
Stemningsfullt
Også musikkbruken fungerer særs godt i Hoggeren – frå starten med metalljazz frå gruppa Shining, som eit frampeik om at Anders kanskje ikkje er så harmonisk som han gjerne vil vere, til dei stiliserte, klagande feletonane som vekslar frå det nasjonalromantiske til å understreka ubehaget. Av og til kan musikken minna om musikken i Fargo (1996), også ein film om stolte, men fastgrodde menneske på landsbygda.
Det er mykje stemning i Hoggeren, mykje fabelaktig dialog og mykje trefelling. Handling vil eg derimot seia det kanskje er litt i underkant av. Dei få dryppa me får om fortida til Anders, den fråverande familien og kvifor han knapt har vore heime sidan tenåra, vert hinta til i mystiske sekvensar frå eit skogholt i blitslys. Det er synd, for eg blir nysgjerrig på han. Det vesle som er av forteljing, fengjer.
For lite
Likevel sit eg att med ei kjensle av at ein har teke ein kortfilmidé og køyrd han ut i fullformat. Har ikkje filmskapar og manusforfattar Syversen klart å finna noko som kan ha skjedd som er kritisk nok til at det er verdt å fortelja om? «Midtlivskrisemannen» er ikkje godt nok grunnlag, han får me presentert opp og i mente og meir enn nok. Alle enkeltdelane fungerer særs godt, men det er lange sekvensar og langt mellom ny informasjon som kan driva handlinga. Når ein har så godt kjøt, skulle eg gjerne hatt meir av det på beinet.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg kan nesten ikkje rosa rollebesetninga nok.
Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.