Hardt å vera Harding
Glorien til Tonya Harding kjem aldri til å skina,
men ettermælet er ikkje verst likevel.
Den australske skodespelaren Margot Robbie er framifrå i rolla som Tonya Harding.
Foto: Nordisk Filmdistribusjon
Biografisk drama / komedie
Regi: Craig Gillespie
I, Tonya
Med: Margot Robbie, Sebastian Stan, Allison Janney
Ingenting fekk større tabloid merksemd under OL på Lillehammer i 1994 enn dramaet mellom dei amerikanske kunstløparane Nancy Kerrigan og Tonya Harding. No kjem spelefilmen om kva som eigentleg skjedde. Eller veit me eigentleg det?
Kampen
Sigg i munnviken, papegøye på skuldra, likesælt blikk gjennom umoderne briller – slik opnar filmen, med ein ekstremt lite flatterande presentasjon av mor til Harding, LaVona (Janney). Mykje betre ut av det kjem ikkje eksmannen Jeff (Stan) eller stjerna sjølv, Tonya (Robbie). Den førande introen gjer at eg straks føler at eg skal mislika dei, at dette er ikkje bra folk, at desse heiar eg ikkje på. Akkurat slik hugsar eg også mediekampen mellom Harding og Kerrigan då eg som tenåring følgde Lillehammer-OL. Fæle Tonya, uskuldsreine Nancy! Heldigvis nyanserer I, Tonya seg utover. Det eg likar best med utviklinga, er respekten filmskaparane har for sporten. Kunstløp fortener verkeleg ei hyllest (som det på eit underleg vis også fekk med komedien Blades of Glory frå 2007), og å ha eit dramatisk utgangspunkt som denne feiden er like gull som det gullet Harding håpa på i OL i 1994.
Antihelt
Unge Harding får mykje tyn for bakgrunnen, som i beste fall kan skildrast som fattigsleg. Faren forlét henne hos ei manipulerande, valdeleg mor, og som nittenåring gifta ho seg med like valdelege Jeff Gillooly, noko ho skulle koma til å angra bittert på. Viss berre små delar av det som kjem fram i filmen, stemmer, er det eit under at ho i det heile teke kom så langt som ho gjorde. Slik har dei klart å gjera noko helteaktig ut av den ganske stakkarslege karakteren, utan å gje henne nokon glorie av den grunn.
Så vert ho også aldeles strålande godt spela av Margot Robbie, ein australsk skodespelar eg fyrste gong la merke til i Wolf of Wall Street (2013). At tidskoloritten av og til er overdriven med krampaktig åtti–nittitalsstil, kan ikkje ho klandrast for. Når det gjeld andre tidsmarkørar, har filmfolka gjort ein makelaus god jobb på musikkfronten, med eit fyldig lydspor som strekkjer seg frå Heart til Violent Femmes. Om ein ser vekk frå dei ofte karikerte rollefigurane, er I, Tonya alt i alt ein svært underhaldande og til tider tankevekkjande film. Kven som sit på sanninga, vil me kanskje aldri finna ut.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?