JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Hallo igjen, pusi

For min del hadde ikkje Katteprinsen trunge ein ny omgang på kino.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ungjenta Huru og katten.

Ungjenta Huru og katten.

Foto: Arthaus

Ungjenta Huru og katten.

Ungjenta Huru og katten.

Foto: Arthaus

2128
20171103
2128
20171103

Animasjon for barn

Regi: Hiroyuki Morita

Katteprinsen (orig.tittel: Neko no ongaeshi)

Norske stemmer: Siri Nilsen, Christoffer Staib, Harald Heide-Steen jr.

Ungjenta Haru bergar ein katt frå å verta overkøyrd. Det viser seg at han er ein katteprins, og som takk skal ho gifta seg med han. For å få hjelp til å koma seg ut av denne kattepina kontaktar ho Kattekontoret. Saman med tjukkekatten Muta og den sofistikerte baron Hubert von Gikkingen dreg dei til katteriket for å ordna opp.

Nye lodd

Kva som gjer at Katteprinsen og ei rad andre Studio Ghibli-filmar har fått ny premiere 15 år etter fyrste runde på kino, er eg usikker på, men interessa for japansk animasjon har kanskje teke seg opp dei siste åra og fått eit kommersielt potensial som mangla på tidleg 2000-talet. Elles ville nok både denne, Min nabo Totoro (1988) og Prinsesse Mononoke (1997) vore typisk cinematek- og filmklubbmat. Og ja til mangfald for dei minste! Det er litt forvirrande at ein så barnsleg film som Katteprinsen handlar om ei jente som tydeleg må vera nærare tenåring, men filmen er uansett definitivt meir for små ungar enn mangaopphengde ungdomar.

Ope versus lukka

Som i alt anna det kjende Studio Ghibli kjem opp med, er det berre å legga nøkterne tankesett igjen utanfor kinodøra og lata ekte og indre ungar sleppa inn. At dyr tek menneskerollar, er sjølvsagt ikkje noko unaturleg i teiknefilmar. Det absurde ligg oftare i detaljane enn i at eit parallelt fantasiunivers med snakkande kattar finst. Og i universet til Katteprinsen bognar det av underlege karakterar, snurrige situasjonar og løgne matrettar. Det rår også ei slags gamaldags oppfatning om ekteskap og samfunnskonvensjonar som eg er mindre begeistra for. Når det er sagt, er eg generelt sett ikkje enormt begeistra for filmen samla sett heller. Du skal ha dette opne barnesinnet for å fullt ut setja pris på Ghibli-filmane, og der sit eg med det attlatne vaksensinnet mitt og skulle ynskja eg likte dei betre.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis