Gravalvor og galgenhumor
Som alle spradebassar verkar han mest sympatisk når maska fell.
Lege og sosialmedisinar Per Fugelli døydde 13. september i fjor.
Foto: Martin Otterbeck / Paradox Rettigheter AS
Dokumentar
Regi: Erik Poppe
Per Fugelli – siste resept
Med: Per Fugelli, Charlotte Holst Fugelli, Aksel Fugelli
Det er ikkje lett å vera kritisk til ein film som handlar om ein som akkurat har døydd. Objektet stiller seg på ein måte over all kritikk ved å utføra eit slikt stunt. Og Per Fugelli er nettopp dette – uangripeleg. Når då heile to timar er sette av til berre å handla om denne omtykte mannen, totalt utan kritisk vinkling, ei rein hyllest i sjangeren «ærleg portrett», så har han i grunnen lagt premissen. Har ein lov å snakka stygt om dei daude som ikkje er her og kan forsvara seg?
Livsfilosof
Fugelli var ikkje ein mann som skydde merksemd, og han stilte seg lageleg til for hogg gjentekne gongar. Dette kunne ofte handla om hans eigen sjukdom, men minst like ofte nytta han sjansen til å forkynna om ansvaret vårt for å ta oss av dei som er svakare enn vi sjølve, og til å hytta med neven mot det meste Sylvi Listhaug skulle ha på hjarta. Filmen er ikkje noko unntak. Dei enkle, men effektive filosofiane hans om å vera god mot andre og å omfamna livet, har noko Paolo Coelho-aktig over seg som gjer han høveleg for breie lag av folket. For dei av oss som knapt kan finna noko meir irriterande enn «visdomsorda» til Coelho, verkar dette mot si meining. Lange sekvensar fangar den godt vaksne mannen i overtydelege, barnlege situasjonar, for å skriva med store bokstavar: Sjå kor livsglad og fri han er!
Teppefall
Den sterke sentimentaliteten for seg sjølv (godt hjelpt av strykarar, sakte film og førande klipping) er likevel gjenkjenneleg på ein svært menneskeleg måte. Mange har nok fått tårer i auga ved tanken på si eiga gravferd. Og når han spør regissør Erik Poppe om kor lenge dei skal filma, kjem vi til poenget: at han faktisk skal døy. Her ligg det som er av styrke i filmen. Dette er noko alle kan ta inn over seg, det at no er det alvor, det er ikkje lenger så kjekt å ha tilskodarar til alt som skjer. Han peikar på korleis den sosiale krinsen snevrar seg inn, den tidlegare selskapssjuke mannen vil helst berre vera saman med kona og ungane, med flokken, som han kallar dei. Heile Per Fugelli – siste resept er som ei samling sluttscener. Slik var på mange måtar livet hans dei siste åra, kan det verka som. Livet hans burde ha vore lengre, filmen kortare. Med all respekt.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?