God handel
Filmane til Farhadi er samansette som livet og omtrent like uføreseielege.
Taraneh Alidoost og Shahab Hosseini spelar hovudrollene i En handelsreisende. Foto: Norsk Filmdistribusjon
Drama/thriller
Regi: Asghar Farhadi
En handelsreisende
(Orig. tittel: Forushande (The Salesman))
Med: Shahab Hosseini, Tareneh Alidoosti, Babak Karimi
Emad (Hosseini) og Rana (Alidoosti) lyt flytta frå det falleferdige huset sitt i Teheran, og kollegaen deira i amatørteatergruppa, Babak (Karimi), tilbyr dei ei leilegheit der den førre bebuaren vart bedd om å flytta. Dei takkar ja, men innser etter kort tid at ho som tidlegare budde der, dreiv med snuskete greier. Enno er det eine rommet fullt av sakene hennar. Ein dag Rana er åleine, kjem ein inntrengar og overfell henne i dusjen. Sjokket er stort for både henne og Emad, men det er Emad som mest av alt søkjer ro ved å finna gjerningspersonen.
Veksesmerte
Etter at Abbas Kiarostami døydde i fjor, er det nærliggande å kalla Asghar Farhadi den største iranske regissøren, men ved å avgrensa det til land, yter eg ingen av dei særleg rettferd. To av verdas beste regissørar kom og kjem frå Iran. Personleg likar eg betre den realistiske, ujålete stilen til Farhadi enn det eg har sett av Kiarostami. Og med En handelsreisende viser Farhadi nok ein gong seg frå si beste side, som er å visa oss menneske frå våre mange sider. Barndom, oppvekst, vaksenliv, alderdom – livet er ikkje statisk. Noko av det som gjer oss menneskelege, er at me endrar oss. Endringane kan gjera at ein veks tettare eller veks frå einannan. Der Rana gradvis jobbar seg ut av traumet og vil sjå framover, veks uroa i den vanlegvis fornuftige Emad; han nærer hemntankar som ikkje vil forsvinna.
Prisverdig
Farhadi vann årets Oscar for beste framandspråklege film og prisen for beste manus i Cannes. Til å formidla filmane sine har han alltid eit arsenal av dyktige skodespelarar. Shahab Hosseinis tolking av Emad gav også han ein pris i Cannes.
No er det vanskeleg for meg å høyra kor naturtru dei farsiske replikkane vert leverte, men kroppsspråket og ansiktsuttrykka til Emad klarar nærast på eiga hand å formidla den komplekse situasjonen. I tillegg spelar han den frustrerte Willy Loman i oppsetjinga av En handelsreisendes død, ein karakter som på alle måtar skil seg frå kven han er. Eg er uviss på kor symbolsk oppsetjinga er meint å vera, men for Emad blir det ein megafon for dei stadig meir opprørte tankane hans.
Spenningsfelt
Filmane til Farhadi har i tillegg til å vera fabelaktige speglar på vår eigen kvardag, ei actionprega spenning som gjer at ein ikkje så lett kan plassera dei i den noko blodfattige kategorien drama. Den uføreseielege handlingsgangen kvalifiserer nærare til å kategorisera som thriller, om ein tek definisjonen frå Store norske leksikon: «film med spennande og hårreisande innhald». Det mest hårreisande er at til trass for all denne nasegruse skryten og begeistringa for Asghar Farhadi, så er ikkje eingong En handelsreisende nødvendigvis den beste filmen hans.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.