JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Gaukereiret

Ein stilrein skrekkfilm frå Irland grev i naturen med eit ekkelt kunstig univers.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gemma og Tom har ikkje hellet med seg i bustadjakta.

2209
20200522
2209
20200522

SKREKKFILM

Regi: Lorcan Finnegan

Vivarium

Med: Imogen Poots, Jesse Eisenberg
Kinofilm

Gemma (Poots) og typen Tom (Eisenberg) skal finne seg ein heim i den grotesk dyre irske bustadmarknaden. Ein stivt smilande eigedomsmeklar tek dei på tur til ein absurd straumlinjeforma forstad. Alt er så karikert at dei må le. Låtten sit snart fast i halsen, når dei slit med å finne vegen ut av den einsformige labyrinten. Tenk å bli fanga i forstaden!

Regissør Lorcan Finnegan etablerer tematikken fint. Gemma lèt borna ho er lærar for, leike at dei er tre, medan Tom syslar som gartnar og gravlegg ein fugleunge som er sparka ut av reiret av ein gauk. Dei levande opningsbileta får fort ein kunstig kontrast. Kva menneskelege trekk kjem naturleg fram i djupt unaturlege omgjevnadar? Ein saknar tidsnok dei tidlege rytmane av rocksteady frå Dandy Livingstone og Desmond Dekker. Tittelen viser at nokon kjem til å vere isolerte og bli eksperimenterte med. Har du nyleg vore innestengd i eit stort sosialt eksperiment, skal du vera glad du ikkje var i eit vivarium. Ein blir fort litt galen. Det er heilt naturleg.

Psykologi

Finnegan har nemnt inspirasjonskjelder frå David Attenborough via René Magritte til The Twilight Zone. Mange vil òg lure på, undervegs, om vi finn ein dose The Matrix eller The Truman Show. Denne filmen er laga i mindre skala, men Finnegan har skapt eit stilreint univers av ein styggeleg strigla normal. Det kjem råkande dryp av mørk humor. Stort sett sit ein med ei tilsikta kjensle av uro. Ein framand krabat skapar sinne og avsky, som ein galen gaukunge. Uhygga i heimen er djup. Manuset verkar stadig meir funne opp av Ernst Jentsch og Sigmund Freud med idear frå «Das Unheimliche». Den nye figuren er unaturlig og skummelt framand. Som skrekkfilm kjennest Vivarium annleis. Han slår ikkje dei beste frå USA om dagen, men er eit friskt, kvalmande pust. Er du klar for asosial angst, ekkel uro og postapokalyptisk einsemd med tomme gater, er det på tide å vitje kinoen.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis