Filmbonanza i Berlin
BERLIN: Så mange filmar, så lite tid.
Filmen som Aleksej German jr. har laga om forfattarane Sergej Dovlatov og Joseph Brodsky, er eit høgdepunkt på filmfestivalen i Berlin, skriv Erika Fatland.
Kommentar
erikafatland@hotmail.com
Førre torsdag opna Die Berlinale dørene for 68. gong, i år med Wes Andersons animasjonsfilm Isle of Dogs som det store trekkplasteret. Nok ein gong er Potsdamer Platz invadert av bransjefolk og filmjournalistar frå alle himmelstrøk. Berlinalen er blant dei mest prestisjefylte internasjonale filmfestivalane: Over 300.000 billettar vert rivne vekk kvart år, noko som gjer Berlinalen til den største filmfestivalen i verda målt i talet på besøkande.
Langt mellom perlene
I løpet av elleve hektiske dagar vert det vist over fire hundre ulike filmar på kinoane ved Potsdamer Platz. Med så stort utval seier det seg sjølv at det ikkje er mogleg å få med seg alt, og det er kanskje like greitt. Eg gjekk til dømes glipp av Lav Diaz’ 234 minutt lange film Ang Panahon ng Halimaw (Djevelens tid), ein filippinsk rockeopera om militærjuntaens undertrykking av ein isolert landsby på slutten av 1970-talet. Eg fekk heller ikkje med meg Nesrine Khodrs videoinstallasjon Extended Sea, eit tolv timar langt uavbrote opptak av ei kvinne som sym fram og tilbake i eit symjebasseng.
Å vere på filmfestival er som å fiske, uttalte ein garva tysk filmkritikar nyleg til Der Tagesspiegel. Ein må vere tolmodig, og som regel vert ein skuffa. Til dømes har eg likt alle filmane Isabelle Huppert har spela i, og troppa derfor opp til Eva med lyst sinn. Her spelar Huppert ei gåtefull luksusprostituert, men ikkje eingong ei sur Huppert iført parykk og med pisk i handa klarte å dekke over at plottet var like syltynt som i ein gjennomsnittleg pornofilm.
Melankolsk om sensur
Heldigvis har det også vore nokre høgdepunkt. I Dovlatov, regissert av Aleksej German jr., følgjer me den russiske forfattaren Sergej Dovlatov gjennom ei veke i Leningrad på 1970-talet. Både han og diktarvennen Joseph Brodsky kjempar tappert mot sensur og kravet om å skrive «oppbyggeleg, optimistisk litteratur»; begge enda med å emigrere til USA. Dovlatov fekk aldri publisert noko i Sovjetunionen medan han levde, men etter perestrojkaen gjekk russarane mann av huse for å kjøpe bøkene hans.
Dovlatov vart laga med sjenerøs støtte frå det russiske kulturdepartementet, som ironisk nok dei siste åra har senka takhøgda dramatisk for kva som er akseptert kunstnarleg uttrykk i dagens Russland.
I hovudkonkurransen
Utøya 22. juli er den åttande norske filmen som er med i hovudkonkurransen under Berlinalen. Førre gong var i 2014, med Hans Petter Molands Kraftidioten. Ingen nordisk filmregissør har vorte heidra med Gullbjørnen sidan Jan Troell og Ingmar Bergman, med høvesvis Ole dole doff (1968) og Smultronstället (1958).
Gullbjørnen heng høgt, men har tradisjon for å gå til politiske filmar, som i 2016, då han gjekk til Gianfranco Rosis Havet brenner, og året før, då han gjekk til den iranske filmregissøren Jafar Panahi, som har fått yrkesforbod av iranske styresmakter, for filmen Taxi.
Den norske filmen har alt delt kritikarar og publikum på midten. Reaksjonane spenner frå panegyrisk begeistring til kritiske spørsmål om kva ein slik film eigentleg skal vere godt for. Spørsmålet er om Poppes film er politisk nok for Berlinale-juryen.
Erika Fatland er journalist, forfattar og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.