Film

Femti nyansar av fransk såpe

Skuffande, men ikkje uventa spekulativt frå Francois Ozon.

Chloe (Marine Vatch) fell for psykiateren (Jérémie Renier) ho går til.
Chloe (Marine Vatch) fell for psykiateren (Jérémie Renier) ho går til.
Publisert

Chloe (Vacth) går til psykiater for å få orden på magesmertene sine, og ikkje berre ordnar det seg, ho og legen fell for kvarandre. Men skjuler han eigentleg for henne at han har ein tvillingbror? Ja, skulle du sett, ein bror som også er psykiater og som også bur i Paris. Alle er så sexy at her er det trøbbel i horisonten.

Tynt Ozonlag

«Vakre kvinner lyg for å forføra, særleg viss dei er frigide», seier den eine psykiatertvillingen. Det burde stått på ei T-skjorte. Ozon brukar det berre som verkemiddel for å få fram kor ulike menn er – dei er enten sexgalne, slemme og røyker sigarettar eller snille og likar sakte sex. Lenge leve nyanseringa. Det dei alle har til felles – inkludert regissøren, sjølv om han er ope homofil – er ein forkjærleik for modellvakre kvinner med utfordrande psyke.

No har Ozon teke utgangspunkt i forteljinga til ein av favorittforfattarane mine, Joyce Carol Oates, noko som nok gjer at det heile er ganske intrikat oppbygt, med haugevis av uføresedde vendingar og symbolske krumspring. Så ein kjedeleg film har han ikkje laga, berre utruleg usannsynleg og utruleg nær mjukporno.

Du veit du vil

Alle intrigane kring tvillingtemaet står ikkje tilbake for gamle TV-seriefenomen som Falcon Crest eller Dynastiet. Likevel er Dobbelt begjær ein svært filmete film, både gjennom solstrålar gjennom linsa og vakre utsnitt med smakfulle detaljar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement