JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Ei vid verd

Den største filmfestivalen i Oslo byr som vanleg på eit mangfald av flotte filmar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den sørkoreanske filmen Return to Seoul av Davy Chou kjem på norske kinoar.

Foto: A-One Film Estonia

3719
20221118
3719
20221118

Filmfestival

Film fra sør

Oslo, 12.–20. november

Festivalkontoret i hovudstaden har delt verda og hausten i to. Ungfolen Oslo:Pix er flytta til månadsskiftet august–september og set søkjelys på filmar frå Europa, USA og Canada. I november held den tradisjonsrike travaren Film fra sør fram med varme, engasjement og talent frå verda lenger vekke. Det er nett det vi treng no.

Tilbake til Seoul

Sør-Korea har blitt eit mektig land i filmverda og får særleg merksemd på festivalen i år. Opningsfilmen Decision to Leave av Park Chan-Wook er ein spektakulært samansydd film med vilt driv.

Heldigvis kjem blandinga av krim, thriller, drama og romantikk på kino. Det gjer òg det rått velspelte koreansk-franske dramaet Return to Seoul av Davy Chou. Den populære regissøren Han Jae-rim vitjar Oslo for å snakke om suksessen med sjangerfilmane sine i høve visning av det heseblesande actiondramaet The King frå 2017. Han har to filmar i den koreanske seksjonen.

Giganten India manglar, medan mindre kjende Indonesia stiller sterkt. Filmskapar Kamila Andini har med rette fått skryt for Before, Now & Then. Wong Kar-wai blir gjerne nemnd som referanse for å skildre den poetiske stilen i ei nydeleg filma forteljing frå sekstitalet. Frå diktatoren Suharto via utru menn flyt dramaet med roleg tone mot ei nyansert historie om vennskap.

Nordavind

Libanesiske Ali Cherri har laga lune og oppfinnsame The Dam frå Sudan. Nokre karar arbeider på ein demning medan politiske omveltingar pregar radiosendingane frå Khartoum. Grannane våre gjer òg sitt, med kvar sin sørlege Oscar-kandidat. Sverige har kåra Boy From Heaven som sin kandidat, ein drivande thriller frå Egypt av Tarik Saleh. Danmark har valt Holy Spider av Ali Abbasi, den òg ein spennande thriller, lagd til Iran.

Tyrkiske Burning Days er ein kul og god film av Emin Alper. Humoren i sosialt utrivelege situasjonar sklir ut i skumlare farvatn for ein fersk aktor ein liten stad aust på Anatolia. Fyllekuler med ordførarar er eit tviegga sverd. Alper teiknar ingen idyll av maktfordeling i landet til Erdogan.

Vestnytt

Latin-Amerika stiller sterkt innan både fiksjon og dokumentar. Frå Ecuador kjem den medrivande dokumentarfilmen This Stolen Country of Mine av Marc Wiese. Korkje kinesiske gruveselskap eller tidlegare president Rafael Correa kjem godt ut av avsløringar om forureining og skite politisk spel i møte med urfolksaktivistar og skarp journalistikk.

Den chilenske nestoren Patricio Guzmán har bytt ut den poetiske stilen frå sine siste dokumentarar. My Imaginary Country minner meir om klassikaren hans, La batalla de Chile frå 1975. Han har filma protestane i heimlandet i 2019 og retta kameraet mot kvinner som vil endre landet.

Den chilenske skodespelaren Manuela Martinelli har sett seg i registolen for 1976, ein utsøkt stilig og nervepirrande film frå diktaturet med skarpt feminint blikk. Paraguayanske Paz Encina treffer perfekt i eit kreativt draumlikt landskap mellom fiksjon og dokumentar med EAMI, ein prisvinnar om overgrep mot urfolk. Stilistisk er Argentina, 1985 av Santiago Mitre frå ei heilt anna verd, sjølv med rot i ei ekte rettssak mot militærjuntaen. Thriller med spenning i høgt tempo møter bekmørk argentinsk humor.

Vi får godlynt sjarm i Mars One frå Brasil. Ei universell og vakker historie om ein vanleg afrobrasiliansk familie er kjærkomen. Vi treng forteljingar med vidare utsyn som nyanserer bileta av folk langt vekke. Slik lykkast regissør Gabriel Martins. Slik lykkast denne flotte filmfestivalen.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis