Film

Ei anna verd

Superregissøren Chloé Zhao er sporlaust forsvunnen i superheltfilmen Eternals.

Zain Al Rafeea spelar ei av rollene i filmen.
Zain Al Rafeea spelar ei av rollene i filmen.
Publisert

Etter tre i sanning nydelege, smålåtne, realistiske filmar frå USA i dag har den makelause filmskaparen Chloé Zhao fått eit springbrett til den største scena, med Marvel-universet, superheltar og astronomiske budsjett. Eternals tar opp tråden etter ei mengd Avengers-filmar. Vi møter The Eternals, ei gruppe menneskeliknande skapingar med særskilde evner. Dei er sette på jorda av universets drivarar The Celestials for å slåst mot monstrøse The Deviants, som truar menneska.

Sceneskifte

Stilbrotet for Zhao kunna knapt vore større. Vare Songs My Brother Taught Me (2015), vakre The Rider (2017) og prisgrossisten Nomadland (2020) utgjorde ei heilskapleg rekkje av filmar om marginaliserte grupper i USA med stillferdig stil, amatørskodespelarar og subtil kritikk av sosiale høve.

Eternals er på mange måtar ein sjangertru og formelbasert superheltfilm. Lista over skodespelarar er på grensa til parodisk. Stjerner som Salma Hayek, Angelina Jolie, Barry Keoghan, Bryan Tyree Henry og actionhelten Ma Dong-Seok får ikkje eingong spele andrefiolin.

Humoristiske element klaffar i ny og ne. Kumail Nanjiani og den indiske kollegaen hans har hovudansvaret for det. Romantikk tek meir plass enn naudsynt. Ein må gjennom eit utal særs pompøse samtalar om verdas undergang. Stundom tek ein seg i å vente på meir action, men slagscenene kjem så det monar.

Marknadsplassar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement