JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Dystopisk notid

Ramsey har lødd på så kraftig at eg fryktar noko ramla av på vegen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Krigsveteranen Joe (Phoenix) arbeider som ein slags torpedo for å frigjera jenter som har blitt kidnappa.

Foto: Alison Cohen Rosa / Norsk Filmdistribusjon

2467
20180309
2467
20180309

Drama/Thriller

Regi: Lynne Ramsay

You Were Never Really Here

Med: Joaquin Phoenix, Judith Roberts, Ekatarina Samsonov, John Doman

I New York forsvinn unge jenter og endar som sexslavar for rike, mektige menn. Krigsveteran Joe (Phoenix) jobbar som ein slags torpedo for å frigjera desse jentene. Spelet tek ein om mogleg endå meir alvorleg karakter då senatordottera Nina (Samsonov) vert meld sakna.

Musikalsk

Noko av det beste eg veit med filmane til Lynne Ramsey, er musikkbruken. Ikkje berre er ho ein kløppar på å sidestilla uskuldig slagerar frå pophistoria med ofte grimme, grå scener, totalt uredd for å bruka tydeleg symbolikk gjennom tekstane. Originalmusikken i You Were Never Really Here er ved Radiohead-gitarist Jonny Greenwood, og dette preget kler filmen til dei grader. Han har noko tidlaust og samtidig moderne over seg, akkurat som filmane til Ramsey, og ein intensitet som er med på å setja stemninga, saman med det elles aldeles imponerande lyddesignet. Og brummande oppi dette går ein nesten ugjenkjenneleg skjeggete Joaquin Phoenix rundt som ein skadeskoten bjørn. Han utstrålar både tryggleik, styrke og samstundes ei uro som verkar ukontrollerbar.

Irrgangveg

Skotske Ramsey gjorde to filmar i heimlandet før ho forflytta seg til USA. Både debuten Ratcatcher (1999) og Morvern Callar (2002) fekk strålande mottaking. Men fyrst med Vi må snakke om Kevin (2011) fekk ho sitt store gjennombrot. På ein grufull, hjarteskjerande måte skildrar ho mora til ein skulemassakremordar. Ho har tydelegvis ein forkjærleik for dei mørkaste irrgangane i både samfunnet og sjela. You Were Never Really Here handlar dels om pedofili, dels om krigsveteranar, dels om maktfordeling og dels om barndomstraume. Det heile heng saman, sjølv om eg synest det er forvirrande til tider: Skal det vera eit politisk drama eller ein psykologisk thriller? Eller litt begge delar? Det er så mange forstyrrande element at effekten ikkje pløyer seg djupt ned, men blir liggande på overflata og skurra. Men som med skurring blir det oftast fort gløymt, i motsetning til skikkelege slag i fjeset eller knyttnevar i magen. Med andre ord: Ramseys siste film er ikkje hennar beste. Likevel kjenner eg at eg vil sjå han om igjen – kanskje det er noko eg har gått glipp av. Ramsey-effekten er såleis tydeleg til stades.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis