Film

Drivande duld

Svensk-egyptiske Saleh har skrive og regissert ein solid thriller om religiøs og politisk makt.

Tawfeek Barhom spelar Adam og Fares Fares den kyniske etterretningsoffiseren Ibrahim.
Tawfeek Barhom spelar Adam og Fares Fares den kyniske etterretningsoffiseren Ibrahim.Tawfeek Barhom spelar Adam og Fares Fares den kyniske etterretningsoffiseren Ibrahim.
Publisert

Thriller/Drama

Fiskarsonen Adam (Barhom) får reise frå skrinne kår i Nildeltaet til Kairo for å studere på Al-Azhar-universitetet, ein av dei fremste institusjonane i verda, for lære om islam og arabisk språk. Då storimamen døyr, skal ein velje ein etterkomar. Adam blir vitne til at ein medstudent blir drepen.

Ibrahim (Fares) frå tryggingstenesta tek kontakt og freistar bruke den truskuldige guten som informant og påverke valet. Adam blir ei brikke i eit stort spel.

Overgangen er stor. Tawfeek Barhom er perfekt, først som usikker fersking. Han er lojal og spør faren om kva som er halal og kva som er haram. Men jo meir han gløttar inn i maktkorridorar jo sterkare blir blikket.

Regissør Tarik Saleh vann prisen for beste manus i Cannes i fjor for ei sirleg samansydd historie. Dette er ein velsmurd, spennande og underhaldande thriller. Musikken byggjer sakte opp etter kvart som det knip seg til. Det driv. Dei ikoniske raude hattane til studentane og dei glatte steinfasadane til moskeen bidreg til flotte bilete.

Boy from Heaven er stort sett filma i Süleyman-moskeen i Istanbul. Saleh blei sparka ut av Egypt rett før innspelinga av den ordinære, men interessante krimthrilleren The Nile Hilton Incident i 2017. Egypt er meir autoritært under president Abdel Fattah al-Sisi enn under Hosni Mubarak. Al-Sisi får nokre spark. «Ingen bør sitte på livstid, bortsett frå vår president», høyrer vi. Han heng på veggen på alle kontor der løynde intrigar skjer. Men Saleh freistar ikkje sverta al-Azhar. Han arbeidde med ein imam for å gjere filmen realistisk, og ifølge al-Jazeera har Saleh skrytt av den noverande storimamen som ei sunn stemme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement