Film

Døden på Reykjavik S

Slump får grimme følgjer i vellaga dopdrama.

Hovudrollene vert spelte av Sif Halldórsdóttir og Alfrun Laufeyjardóttir.
Hovudrollene vert spelte av Sif Halldórsdóttir og Alfrun Laufeyjardóttir.
Publisert

Smarte Magnea (Halldórsdóttir) er femten og skulkar skulen for å vere saman med den eldre Stella (Jakobsdóttir). Dei vankar i tvilsame krinsar. Festar med mykje dop går føre seg medan foreldra anar fred og ingen fare. Alt eskalerer fortare enn du kan seie himmel og helvete. Likevel ber filmen nyansar.

Sobre svik

Etter ti minutt veit ein at det ikkje gjekk bra med Magnea. Tidshoppa er flittige, men enkle. Spørsmålet er kvifor det gjekk så gale. Forklaringa finn ein i ei blanding av slump og årsaker. Magnea har snille foreldre som vil det beste for henne, sjølv om mora seier på spøk til faren at ho ser ut som «ei britisk hore på Kanariøyane». Jenta har ingen openberre grunnar til å sikte mot avgrunnen. Tittelen tyder noko nær «vilje til å falle», men rus fører fort ut i sårbare situasjonar med fare for svik og overgrep. Skurkar finst av skiten sort, men ho er ikkje gløymd av alle. Filmen er basert på intervju med pårørande til folk som har hamna utpå. Mykje verkar uforklarleg. Ambivalens andsynes både hovudperson, vener og familie er eit sunt trekk.

Dystert drama

Elín Sif Halldórsdóttir spelar hovudrolla sårbart, sjarmerande og meiningslaust spenningssøkjande. Regissøren Baldvin Zophoníasson har sans for detaljar, og nært kamera og dust ljos ser det vene i det vonde. I nokre klipp køyrer kameraet gradvis inn mot eit forstyrrande bilete medan dramaet rundt utartar og får ein mørkare dimensjon. Historia er utprega urban, utan å gni inn det særmerkt islandske. Narrativt held han seg innanfor tilgjengeleg drama utan kunstnariske krumspring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement