Den uendelege historia
Tankskipet Tom Cruise held stø kurs i eit nytt kapittel av Mission Impossible.
Tom Cruise i den sjuande filmen som agenten Ethan Hunt.
Foto: Christian Black / Paramount Pictures / Skydance
Action / Eventyr / Thriller
Regi: Christopher McQuarrie
Mission: Impossible – Dead Reckoning Part One
Med: Tom Cruise, Hayley Atwell, Ving Rhames
Kinofilm
Den hemmelege agenten Ethan Hunt (Cruise) er tilbake. Som vanleg er oppdraget det farlegaste nokosinne. Trusselen er kunstig intelligens på feile hender. Ein lyt vere lur når ein skal lure noko(n) som veit kva ein tenkjer, og kva ein tenkjer at han tenkjer, som igjen gjer at ein tenkjer ein tredje ting. Kampen er komplisert. Ferda frå actionscene til actionscene er kjend.
Cruise-industrien
Historia er som skriven av kunstig intelligens, kokt saman av liknande filmar til det sjåaren vil ha. Produsenten Tom Cruise er meir finansmann enn talentfull skodespelar. At Hunt tek oppdrag frå IMF, er artig. Vi får forklart: ikkje Det internasjonale pengefondet, men Impossible Mission Force.
Filmane er likevel ein slags transnasjonale selskap som cruisar rundt som pengefond. Ei biljakt i Roma er på plass som reklame for BMW. Vi vitjar Den arabiske ørkenen, Abu Dhabi og Venezia før Orientekspressen fer gjennom dei austerrikske Alpane, dels filma i Romsdalen. Der skal Hunt hoppe på eit tog og av ein motorsykkel frå Trollveggen.
Mykje vil ha meir
Spelelengda 163 minutt er rekord i filmserien. Ikkje rart det tek tid når Tom Cruise og Hayley Atwell skal klatre frå ei jernbanevogn til neste medan ei og ei dett ned frå ei sprengd bru i ei elv langt under. Slik heng heltane på kanten lengst mogeleg. Alt, alltid i siste tidels sekund.
At det meste som skjer, er fysisk umogeleg, høyrer til sjangeren og er greitt, sjølv om det er variantar av vande scener. Spektakulær action med stor produksjonsverdi og imponerande handverk skal med. Kjenningsmelodien av Lalo Schifrin er ikonisk, og Hans Zimmer-eleven Lorne Balfe skapar trykk i actionsekvensane og gjev teikn om valden er vittig eller livsfarleg.
I mange sekvensar forklarar folk kvarandre i detalj kva som står på spel, og kva som er neste trekk. Det kryr av logiske gleppar. To typar som kan dirke opp kva som helst på éin sekund, heng saman med gamle handjern i ei æve. Lure løysingar er ofseleg intrikate. Dei smartaste folka kjem på forbausande dumme ting.
Rollelista er ei brokete forsamling. Hayley Atwell tek over stafettpinnen som hovudkvinne frå Rebecca Ferguson, men ber meir preg av «kvinne i naud» enn forgjengaren. Ving Rhames er trygg og fin som hackarhovding.
Det er mykje å halde styr på, og det ballar på seg når fire ulike grupper jaktar kvarandre i same scene. Ein lyt toppe førre kapittel. Denne sjuande filmen er første halvdel av ein dobbeltfilm. Ferda held fram etter det òg. Vi blir ikkje kvitt Tom Cruise med det første.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.