Den briljante Huppert
Greta er både ekkel og morosam, og nok eit døme på skodespelarkunsten til Isabelle Huppert.
Isabelle Huppert spelar psykopaten Greta.
Foto: Shane Mahood / Norsk Filmdistribusjon
Thriller
Regi: Neil Jordan
Stalker (Orig.tittel: Greta)
Med: Isabelle Huppert, Chloë Grace Moretz, Maika Monroe
Først eit lite hjartesukk: At Norsk Filmdistribusjon har valt å kalle denne filmen Stalker – framfor originaltittelen Greta – er underleg. Jo da, filmen handlar om ein stalker – hovudpersonen Greta (Huppert) forfølgjer ein annan på sjukleg vis – men både dette anglofile ordet og at ein viss Tarkovskij alt har laga Stalker, gjer tittelen meir forvirrande enn klargjerande.
Ikonisk og parodisk
Stalker, eller Greta, er ein ekkel, til dels ufriviljug morosam, thriller. Filmen kjem innimellom farleg nær farsen, men reddar seg inn takk vere Isabelle Huppert, ein av vår tids fremste skodespelarar.
I rolla som Greta er det som om Huppert parodierer dei mest ikoniske rollene sine – frå pianolærerinna til Elle – på ein måte som berre Huppert kan. Det naturalistiske og uttrykkslause skodespelet hennar har evna til å halde på store kjensler utan at andletsuttrykket endrar seg.
Eventyraktig
Til forskjell frå andre forstyrrande Huppert-rollefigurar er Greta verken kompleks eller emosjonelt undertrykt.
Greta er ein vaskeekte psykopat, så kjølig og einsarta at ho ikkje har éi einaste side vi prøver å forstå. Ho kler sånn sett den overgripande forteljinga i filmen: eit slags mørkt folkeeventyr pakka inn i B-film-estetikk – der Greta blir for heks å rekne. Møtet med den unge servitøren Frances (Moretz) blir då talande for den ibuande vondskapen hennar.
Likevel klarer Huppert å gi liv til Greta med store mengder komikk. Hupperts komiske talent kjem særleg til uttrykk i siste tredjedel av filmen, der ho mellom anna dansar lett på tå medan ho plagar eit offer. Slike kinetiske scener gjer filmen til ein underhaldande og komisk thriller og er nok eit døme på briljansen til Isabelle Huppert.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.