JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Bråkete før stormen

Quo Vadis, Aida? er ein drivande god og spennande film, men han krev stålsetjing.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei mest lada scenene er der me ser kor hjelpelause dei nederlandske FN-soldatane er, og kor avgjerande kommunikasjon er, skriv Brit Aksnes.

Foto: Arthaus

3232
20210903
3232
20210903

Krigsdrama

Regi: Jasmila Zbanic

Quo Vadis, Aida?

Med: Jasna Djuricic, Johan Heldenbergh, Boris Isakovich
Kinofilm

Den bosniske tolken Aida (Djuricic) sit i leilegheita saman med mannen sin og dei to nesten vaksne sønene sine. Dei lyt koma seg i sikkerheit, då byen står i fare for å verta bomba. Det er 11. juli 1995, og byen dei bur i, heiter Srebenica.

Massakren

Dei fyrste fem minuttane håpar eg intenst at det skal handla om at dei stikk av, og korleis dei startar livet på nytt, til dømes i Noreg.

Dei eksjugoslaviske flyktningane som kom til heimbygda mi, kunne sikkert fortalt spennande historier vel verde ein film eller to. Men så skjønar eg at her går det for seint, her kjem ingen store hopp i tid med ei naturleg oppbygging mot ein framtidsfjern happy ending.

Eg skal sitja i to timar og håpa intenst at det ikkje er Aidas mann og søner som skal bli offer for eit av dei verste folkemorda i Europa i nyare tid.

Og sjølv om håpet for vår heltinne og familien er der, er også vissa om kva som skjedde på ekte, så altomfattande fælt at det er vanskeleg å kjenna på noko anna enn fortviling og sorg. Men det er høgt tempo i Quo Vadis, Aida?, så noko trist og traudig dveledrama er det langt frå.

Det mest fortvilande er at byen vart utnemnd til ei FN-sone som skulle vera trygg frå hovudfienden Army Republika Srpska og general Ratko Mladic. Dei nederlandske FN-soldatane i leiren der Aida er tolk, har ikkje ein sjanse.

Mladic-pics

Ein konflikt som den i Balkan-regionen etter oppløysinga av Jugoslavia har sjølvsagt ingen enkle forklaringar eller opplagde syndebukkar, men i ettertid skal du leita godt for å finna ein verre syndebukk enn general Mladic.

Quo Vadis, Aida? er basert på sakprosaboka Under the UN flag (skriven av Srebenica-overlevar Hasan Nuhanovic, 2007), og all dokumentasjonen Mladic sjølv etterlét seg, vert gjenskapt i filmen.

At serbarane er skurkane i filmen, kjem tydeleg fram, men så skal det noko til å undergrava det òg. Den farlege patriotismen som hjelpte til med å radikalisera unge menn som igjen drap klassekameratar og naboar berre på grunn av etnisk tilhøyrsle og religion, er ubehageleg å tenka på, for å ta svakt i.

Svaret

Dette er ikkje regissør Jasmila Zbanic’ fyrste film om Bosniakrigen; Grbavica (2006) tek opp lagnaden til ei kvinne råka av massakren.

Dei mest lada scenene i Quo Vadis, Aida? er der me ser kor hjelpelause dei nederlandske FN-soldatane er, kor lite dei får til å kommunisera, og kor avgjerande språk og kultur er. Oberst Karremans (Heldenbergh) framstår smertefullt menneskeleg i sine fortvilte forsøk på mekling og på å skaffa hjelp og merksemd utanfrå.

Dei fæle serbarane, dei feige nederlendarane og dei uskuldige bosniarane: Det kunne lett vorte sjablongaktig, men sterke, sårbare Aida nyanserer det på vegner av dei alle.

«Kva ville eg gjort sjølv?», blir eit opplagt spørsmål her. Fasiten skal eg vera glad om eg aldri treng finna. Det er hardt nok berre å sjå denne filmen.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det kunne lett ha blitt sjablongaktig, men sterke Aida nyanserer bildet på vegner av dei alle.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis